mandag 29. desember 2014

Bøker eg møtte i 2014

Då er enno eit år snart omme. I år har eg som vanleg lese mykje, og det er vanskeleg å velgje høgdepunkt. Likevel er det nokre bøker som har gleda / varma satt ekstra spor.

Torgny Lindgren si siste bok - "Klingsor" var ei slik. Lindgren er ein av mine absolutte favorittar.


Elin Lind sin debut, Novellesamlinga "En fremmed jeg kjenner" satte spor. Gledar meg til romanen, som forhåpentlegvis kjem på nyåret.
Eg kom endeleg gjennom "Prosessen av Kafka, og er glad for det. Den amerikanske forfattaren Scott Fitzgerald si bok "Den store Gatsby" gav meg óg mykje hugnad.

Haruki Murakami set eg svært høgt, og boka "Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilegrimsår, var eit høgdepunkt.


I sommar las eg eit knippe skodespel av Jon Fosse - vår neste Nobelprisvinnar? Han bør de unne dykk. Hen er ein gjentakingens meistar. Det er lett å leve seg inn i skodespela hans synes eg.

Det absolutte høgdepunktete for meg i år, var Robert Hilburn sin biografi om Johhny Cash.


Ei fantastisk bok om ein fantastisk mann. Boka kjøpte eg på Café Mono i Oslo. I tillegg til å få den signert, fekk eg også ein hyggeleg prat med forfattaren og hans kone.

No på slutten av året har eg lese dei to siste bøkene til Lena Andersson - "Egenmäktig förfarande - en roman om kärlek" og "Utan personlig ansvar". To bøker om Ester Nilsson og hennar spesielle omgang med menn. Anbefales på det varmaste. Ho skriv utruleg godt. Eg las dei på svensk - det synes eg ein kan unne seg. Bøker er nok som mykje anna, best på originalspråket.

Elles har Bibelen vore ei av dei viktigaste bøkene for meg i år.

Det beste diktet eg las i år, var opningsdiktet i Kolbein Falkeid si nye diktsamling - "Øyet og virkeligheten. Det går slik:

HÅP AV LUFT

Jeg har ikke så mye å si mer.
Hvis jeg har ord, kommer de fra
tåkegrønne avgrunner
hvor utsikten fra bunnen
svever som feberblanke, bristeferdige bobler.

Tror du dette er virkelighetsflukt,
tar du feil.
Det er alder, ikke noe annet. Netters
urolige søvn, kastene fra
side til side, tanker
av krystallklar innsikt om fortid, fremtid
og nådeløs forgjengelighet.
Jeg tar drømmens vonde side
og bittellille lyse, tar på
de silketynne gode trådene. Holder de?
Jeg klamrer meg til dem, lar håpet
være lettere enn luft. Tenker på
gode ansikter, barnebarn, alt
som kan redde meg. Og kjenner
et pust av søvn og fred
feie fremmede tanker vekk, vekk.

Ufortjent
setter jeg føttene på fastland
av morgen og nye sjanser.

----

Dette var litt av det eg har lese dette året. Det ligg jo litt bøker og ventar óg:


Då er det berre å ynskje alle ei framleis God jul, og eit Godt nytt leseår!


Rune

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar