tirsdag 24. mars 2015

Ein spesiell dag, og ei gåve til dykk

I dag er det 49 år sidan mor mi fødte tvillingar. Dessverre fekk eg aldri møte bror min. Eg har ofte tenkt, og spesielt i dei seinar åra, på korleis det hadde vore å hatt ein bror. Kva hadde det gjort med meg? Kven hadde eg vore då? Men det vart no slik som det vart.
Når eg høyrer, eller spelar sjølv, Lillebjørn Nilsen sin song "Vinterbror" gjer dette noko med meg, både på godt og vondt.

Livet har gitt meg mykje. Det har vore både opp -og nedturar. Den største gåva, skal vere med meg å ete pizza på restaurant i dag. Det å sjå at det gror etter ein, er det største som finst. Ein takk må gå til mi eks.kone også, som gav meg den mogelegheita :-).

Ellers er det no skriving, som står meg i hovudet for tida. Eg slepper ein tekst her i dag, mulig den kan bli med i noko større som kjem ut ein gong.

Dette er ein tekst som mange kan kjenne seg att i. Eg er nok innom der. Du som lesar er nok der, og i alle fall nokon du kjenner eller har møtt. Lukke til med "På flukt".

Eit lite musikkstykke kan de jo lytte til også, om de vil:

Grieg

På flukt

Ho stig ut i dagen. Det er tidleg mai. Sola skin frå ein skyfri himmel. Set seg på steintrappa. Ser utover ei bygd, som ho ein gong kalla for si. Ho smiler.

Kaffien er lunken. Katten smyg seg inntil dei nakne beina hennar. Alt er berre ro. Det har ikkje alltid vore slik.

Ho høyrer det går i trappa. Ytterdøra vert opna. Ei hand stryk henne varleg i nakken.

- God morgon kjære!
- God morgon! Sove godt?
- Ja, kjempegodt, kan ikkje hugse sist eg sov så lenge.
- Så fint.
Ho gjer plass til han på trappa.

Dei sit stille. Lenge. Lauvtrea, har teke den grøne sommarkjolen på. Dei ser utover bygda. Alt er stille. Alt er vakkert.

- Eg likar meg her, seiar han.
- Så bra! Ho smiler mot han.
- Kan vi bli buande her då?

Han ser på henne, ristar lett på hovudet.

- Nei ikkje enno. Det er så mykje ...

Ho avbryt han. Stryk han over ein hårete arm. Lener seg inntil han. Tenkjer «Ein får berre nyte stunda».

- Kjem bror din i dag, seier han.
- Ja, seier ho, både han og kona.
- Åh, kjem ho óg? Det sa du ikkje noko om.
- Nei, kvifor skulle eg det?
- Du veit eg ikkje kan fordra henne.
- Det veit eg ikkje, seier ho.

Ser overraska bort på han, medan ho tek den siste kaffisupen.

- Ja, men eg trudde ...
- Ja, du trur så mangt du.
- Då reiser eg i dag, seier han. Ser bort.

Dei vert sitjande tause, i fleire minuttar. Han ser på henne, ristar lett på hovudet. Går ned til postkassen. Set seg på benken ved eldhuset. Les i lokalavisa. Startar bakerst, slik han alltid plar gjere. Ho kjem og set seg ved sidan av.

- Kva skjedde eigentleg med deg og henne den gongen?
- Eg har fortalt det. Han ser ned i avisa att.
- Alt?
- Det som er å fortelja.
- Du held noko tilbake. Det er som du alltid ...
- Nei, seier han, det er nok no.
Ho skvett til.
- Nei, seier han ein gong til. Eg klarer ikkje høyre det der meir.

Han går inn. Pakkar sakene sine. Går ut på badet. Ser inn i spegelen, kviskrar «Kor dreg du no?». Så vaskar han andletet i iskaldt vatn, dreg venstrehanda gjennom det halvlange, grå håret, før han går ut på trappa att.

Han kyssar henne på kinnet, tek sekken på ryggen og ruslar ned mot buss-stoppet.

Ho sit att på trappa. Ho følgjer han med augo, der han går nedover den delvis attgrodde vegen. Han er så elegant. Bevegar seg som ein ballettdansar.
Tårer renn nedover kinna hennar. Ho smiler eit tappert smil. Let dei berre renne fritt. Kven dansar han neste dans med tru?


I det han skal til å gå inn på bussen, løftar han ei hand. Ho vinkar tilbake, og veit ...

-----

Ein god dag ynskjes alle :-)


Rune

2 kommentarer:

  1. Hei! Måtte bare kommentere igjen i dag, for i dag har min datter øvd på "Bryllupsdag på Troldhaugen" og jeg har spilte gjennom det for jeg har det på repetoaret!

    SvarSlett
  2. Så bra! Takk for at du tek deg tid til å kommentere Anne - Grete :-)

    SvarSlett