Denne boka her, som er illustrert av Håkon Bleken, er berre heilt vidunderleg (det er forresten eit fint ord):
Denne utgåva er frå 2007 (Bokklubben).
Dette var ei stor leseoppleving. To lange noveller. Boka vant i 2006 ei kåring av dei beste romanane og novellesamlingane skrive på norsk dei siste 25 åra. Det seier no ein heil del.
Det konstanterande språket og den registrerande og knappe stilen. Det får fram spennet mellom desillusjon og håp, gjer Askildsen til ein unik forfattar (omslagstekst). JA, det er eg heilt einig i. Det er berre å lese folkens!
Per Thomas Andersen, seier i etterordet i boka: "Askildsens stil er i slekt med den franske nyromanen, med Hemingway - og kanskje med sagafortellingen. Han er på sitt beste i de to novellene i Thomas F´s siste nedtegnelser til almenheten. Her fungerer stilen optimalt, og den vesle novellesamlingen er noe av det aller beste som ble skrevet i Norge på 1980- og 1990-tallet".
Dette inspirerte meg sjølvsagt til litt diktning. Her følgjer mine to siste "verk" :-)
Ein hyllest til Kjell Askildsen
Eg er forelska
forelska i orda
til ein nedlagt penn
Synd han ikkje lenger
ser seg i stand til
å formidle
men det han har gitt
vil stå
som ein bauta
i generasjonar.
Å reise i ord
skal ein ikkje
undervurdere
Då er det fantasien
som står til rors
Dei raude leppane
vert gjerne
endå raudare
Dei brune augene
endå brunare
Dei grøne bøane
endå grønare
Ja, og kjærleiken
endå meir
levande.
Skage i Namdalen, 20.januar 2015
Rune
Gode dikt og fine ord. Takk!
SvarSlettTakk for tilbakemeldinga Anne-Grete :-)
SvarSlett