onsdag 31. desember 2014

Tankar kring årsskifte

2014, er snart historie. Det har vore eit innhaldsrikt år. Ein del endringar, og eg vel å sjå på desse som positive, i alle fall på lengre sikt.
Sjølv om dette skal vere ein litteraturblogg, tillet eg meg likevel å skrive litt om korleis eg opplever livet elles óg.
Lesing har vore, og er, omtrent like viktig som å puste. Det gjev meg ro, visdom og innsikt i ting eg ikkje ville fått utan. I tillegg tek det meg ut på reiser, som eg elles ikkje kunne opplevd.
Eg har vore i Japan, Sverige, Brasil, Sør-Afrika og mange andre land gjennom bøkene eg har lese.

Då året starta var eg sjukmeld. frå ca 1.februar har eg fått mi innkome via AAP (Arbeidsavklaringspengar). Eg har vel hatt mine små kampar med NAV, men etter at eg tok av meg boksehanskane, har alt gått mykje betre. No jobbar eg 2 dagar i veka ved biblioteket - det er gjevande. Det å vere ute i arbeidslivet kjenner eg er eit nødvendig gode, så ein av målsettingane for komande år, er å kome seg i ordinær jobb att. Likevel har eg lova meg sjølv, at eg skal skunde meg sakte.

Forrige vinter gjekk i grunn fort. Eg var oppteken av å klargjere huset, som eg eigde ei lita stund, for salg. Når ein går ned over 10 000 i løn kvar mnd, nyttar det ikkje å eige hus. Alt rundt dette, gjekk i grunn greit. Då eg aldri har vore nokon materialist, vart dette ingen sorgprosess for meg - heldigvis.

Mi fysiske helse har vore god. Spesielt i starten på året var eg bevist på å halde meg i form. Mykje skigåing og svømming gjorde sitt til at fysikken var god. Då eg holdt meg unna alkohol dei tre første månadene, var mi psykiske helse ikkje så verst heller, sjølv om det var ein del vanskelege dagar.
Eg innser at dette med alkohol har kun negativ verknad på meg, så det har eg kutta ut att no (for ca 1 mnd sidan). Det påverkar både mi fysiske og psykiske helse.
Eg går til psykiater kvar torsdag, og det synes eg er til god hjelp. Ein treng nokon å kunne lufte alle dei vanskelege tankane med.

Eg lever åleine, og akkurat no, er det sikkert like greit. Brukar det overskotet eg har, til å vere saman med sønnen min (på snart 9) og har heldigvis eit svært godt forhold til han og hans mor. Dette set eg svært høgt, og det skal eg gjere mitt beste for at skal halde fram.Ellers har eg reist mykje inneverande år. Spesielt i sommar, med min "nye" bil. Turen til Nord-Norge var fantastisk. Her kjem nokre bilder frå heile året:
Skitur i Overhalla
Solvorn
Lofoten
Legg til bildetekst



Vassløysa - Hytta i Sogn




Solvorn
Bud, ved Molde
Ved Lom bibliotek
Stetind
Stavanger




Det vart ein del blinkskudd - Her er nokre.

Elles har eg treft ein del nye mennesker  i løpet av 2014. Nokre av desse har sett sine spor, og eg har nok knytt nokre bånd som eg håpar ikkje skal knytast opp att. Det å møte nye mennesker er flott -det gir ein ny dimensjon. I tillegg forandrar ein seg som person. Ein får nye input og lærer seg å tenkje annarleis - slik er det i alle fall for meg.
Dei som dette gjeld, og som les dette, treng ingen nærare forklaring.

Elles har det skjedd noko anna óg i slutten av dette året - livet mitt har fått ein åndeleg dimensjon. Eg finn mykje ro ved å oppsøkje kyrkja. Eg melde meg innatt i statskyrkja etter ein del år utanfor. Eg les mykje i Bibelen, og dette gjer meg berre godt.
Etter nyttår skal eg begynne å synge i "Salt" - eit Gospelkor. Gledar meg til det!

For det nye året vil eg berre seie:



Ynskjer dykk alle eit God nytt år, med denne:

Oslo Gospel Choir


Grong 31.12.2014


Rune







tirsdag 30. desember 2014

Ein regnfull dag - bøker, musikk og film

Etter ei god natts søvn og ein fin frukost, i eige selskap, brukte eg føremiddagen til å lese litt i Bibelen. Eg starta med Efeserbrevet, og det gav meg idéen til dette diktet:

LEGG VEKK ALLE LØGNER

Snakk sanning
du arme menneske

Er vi ikkje alle
éin kropp?

La ikkje sola gå ned
over dine bitre tårer

La tunga snakke
med kjærleik
ikkje med hat

Tilgi kvarandre
slik Gud har tilgitt
gjennom Kristus

Betalinga
er eit nytt liv

i Ånden.      (Insp. av Ef. 4.25-32)

---

Eg las vidare i : Filliperbrevet, Kolosserbrevet og breva til Tessalonikerne. Ei givande stund. Bob Dylan spelte til meg, og eg måtte stoppe opp litt då denne kom:


Ein fantastisk sang. Du finn den på denne. Ei av mine absolutte favoritt-Dylan plater :


Etter ein spasertur og litt middagsmat, var det tid for film med min sønn. Då vart det "Madagaskarpingvinene", og den var vi einige om var bra. 


   

Kvelden vert nok brukt til lesing. Eg har ein del bøker på gang. Tenker å lese litt vidare i Tor Obrestad sin biogrfai om Alexander L. Kielland.
I tillegg vil eg starte på:


Gledar meg til denne - er såvidt starta. Boka er skrive av Kristin Brandtsegg Johansen, Johansen, er idéhistoriker, og har tidlegare mellom anna skrive om Sigrid Undset.

På baksida av boka står følgjane - om Maria Magdalene:
"Hun er fremstilt som hore, helgen, demonbesatt, disippel, angrende synderinne, slaverske, kjæreste og hemmelig elskerinne. Men hvem var Maria Magdalena? Hva går det an å vite om kvinnen som slo følge med den omvandrende profeten for snart to tusen år siden? Sporene leder inn i en lang og dramatisk historie om mirakler og kjærlighet, teologi og politikk. Men det er også fortellingen om en ung kvinne fra den lille fiskerlandsbyen Magdala i Galilea, som møtte en ung mann som skulle bli den kristne frelser.
Forfatteren har lett etter fortellingen om henne i de gamle kildene, reist i hennes fotspor rund Genesaretsjøen og videre til Jerusalem, lett etter graven hennes i Efesos og søkt etter relikviene hennes i en grotte i Provence".

Denne boka gledar eg meg til, og den kjem nok til å bli nemd i fleire blogpostar framover. Kanskje den gjev inspirasjon til fleire dikt óg.
Eg skriv mykje for tida - er inspirert av ulike ting.

Ha ein velsigna kveld folkens!

Skage i Namdalen, 30.desember 2014


Rune





mandag 29. desember 2014

Bøker eg møtte i 2014

Då er enno eit år snart omme. I år har eg som vanleg lese mykje, og det er vanskeleg å velgje høgdepunkt. Likevel er det nokre bøker som har gleda / varma satt ekstra spor.

Torgny Lindgren si siste bok - "Klingsor" var ei slik. Lindgren er ein av mine absolutte favorittar.


Elin Lind sin debut, Novellesamlinga "En fremmed jeg kjenner" satte spor. Gledar meg til romanen, som forhåpentlegvis kjem på nyåret.
Eg kom endeleg gjennom "Prosessen av Kafka, og er glad for det. Den amerikanske forfattaren Scott Fitzgerald si bok "Den store Gatsby" gav meg óg mykje hugnad.

Haruki Murakami set eg svært høgt, og boka "Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilegrimsår, var eit høgdepunkt.


I sommar las eg eit knippe skodespel av Jon Fosse - vår neste Nobelprisvinnar? Han bør de unne dykk. Hen er ein gjentakingens meistar. Det er lett å leve seg inn i skodespela hans synes eg.

Det absolutte høgdepunktete for meg i år, var Robert Hilburn sin biografi om Johhny Cash.


Ei fantastisk bok om ein fantastisk mann. Boka kjøpte eg på Café Mono i Oslo. I tillegg til å få den signert, fekk eg også ein hyggeleg prat med forfattaren og hans kone.

No på slutten av året har eg lese dei to siste bøkene til Lena Andersson - "Egenmäktig förfarande - en roman om kärlek" og "Utan personlig ansvar". To bøker om Ester Nilsson og hennar spesielle omgang med menn. Anbefales på det varmaste. Ho skriv utruleg godt. Eg las dei på svensk - det synes eg ein kan unne seg. Bøker er nok som mykje anna, best på originalspråket.

Elles har Bibelen vore ei av dei viktigaste bøkene for meg i år.

Det beste diktet eg las i år, var opningsdiktet i Kolbein Falkeid si nye diktsamling - "Øyet og virkeligheten. Det går slik:

HÅP AV LUFT

Jeg har ikke så mye å si mer.
Hvis jeg har ord, kommer de fra
tåkegrønne avgrunner
hvor utsikten fra bunnen
svever som feberblanke, bristeferdige bobler.

Tror du dette er virkelighetsflukt,
tar du feil.
Det er alder, ikke noe annet. Netters
urolige søvn, kastene fra
side til side, tanker
av krystallklar innsikt om fortid, fremtid
og nådeløs forgjengelighet.
Jeg tar drømmens vonde side
og bittellille lyse, tar på
de silketynne gode trådene. Holder de?
Jeg klamrer meg til dem, lar håpet
være lettere enn luft. Tenker på
gode ansikter, barnebarn, alt
som kan redde meg. Og kjenner
et pust av søvn og fred
feie fremmede tanker vekk, vekk.

Ufortjent
setter jeg føttene på fastland
av morgen og nye sjanser.

----

Dette var litt av det eg har lese dette året. Det ligg jo litt bøker og ventar óg:


Då er det berre å ynskje alle ei framleis God jul, og eit Godt nytt leseår!


Rune

søndag 28. desember 2014

Bibelen - Om tru og tvil.

Etter mi lange julereise var det godt å kome heim. Det fine med å reise, er at det gir tid og rom for lesing. Lesing er noko av det eg set høgast her i livet, som sikkert ein del av dykk alt har avslørt. I desember har eg lest mykje, og dagleg har eg lest nokre sider i Bibelen. Det er ei mangeslungen bok. I denne omgang har eg prioritert nyetestamentet - har lest litt i gamle før. Utgangspunktet for å lese Bibelen, var for å få inspirasjon til eigen diktning. Det har eg fått, men eg har og fått meir. Eg har vore i kyrkja mange ganger i desember. Eg har sunge salmar, eg har gått til nattverd. Eg har følt meg svært velkomen i kyrkja - 1. juledag gikk eg i Stavanger Domkirke, saman med to flotte "nye" vener, og det var fantastisk.


Eg har no lese alle evangelia, i tillegg til Apostelgjerningane, pluss litt til. Det å lese historiane om Jesus og læresveinane hans er givande lesing. Det er mykje god moral i det som står skrive. Mykje er sjølvsagt og lett å leve etter. Noko er meir eller mindre umulig å leve etter. Men eg forstår meir og meir kvifor folk trur.
Elles der eg på det med tvil som ein naudsyn motpol til tru. Som ein av mine twittervener sa i ein diskusjon om dette temaet. "Eg vert redd, når nokon seier dei berre trur, og aldri tvilar". Godt sagt!

Når det gjeld folk sine argument om at Bibelen er ei bestialsk bok, så kan eg ikkje nekte for det. Personeleg handlar Det Gamle Testamentet for meg om historiar (små romanar, noveller) og litt profetiar. Det Nye Testamentet  er som det står i salmen Nå vandrer fra hver en verdenskrok - "finner du ham... da eier du nok å freidig å dø og leve på..."
Du kan høyre den her:

Helene Bøksle - Nå vandrer fra hver en verdenskrok

Til slutt nokre dikt, som er inspirert av mi Bibel-lesning:


Du har

teke bustad 
i hjarat mitt

Eit einaste blikk
frå dei tindrande
augene dine
var meir enn nok

Eg slepp deg
aldri fri.                 (Insp. av Salomos Høysang 4.9)



Frykt ikkje

alt er mulig
for den som trur

du veit vel
kven som har

fjerde nattevakt.     (Insp. av Markusevangeliet)



Kvar dag

den einaste
som er
har nok med
si eiga plage

Morgondagen
som enno ikkje
er støypt
i vår skapars
store form

er berre utopi.       (Insp. av Matteus 6.34)


Nokre ganger

er det slik 
at du trur det ikkje
før du ser det

Det største av alt
ser du nok ikkje
før du

trur det



1 Kor13.13

You can live
in faith

You can live
in hope

but if you
don´t live in love

You can´t
live at all.

Elles Skal eg snart i gang med denne:





Litteraturdagbok (Startar 1.1.2015)










Eg avsluttar dagens innlegg med denne:

Alison Krauss -The Lucky one


Alt godt frå Rune!

lørdag 27. desember 2014

Alexander Kielland - Stavangers store sønn

No er eg på heimveg, etter ei fantastisk jul saman med nye vener i Stavanger. Vi har diskutert litteratur, og andre tema. Gått i kyrkja saman og laga mat saman. For meg har dette vore ei svært bra jul - eg har nok aldri hatt det slik. Det åndelege har vore i høgsetet, og det var ei ny og fantastisk oppleving.

Ein av høgdepunkta var gårdagens tur på Bøker og Børst - ein kjempeplass for ein bok og kulturelskar.


Her bestemte eg meg for å freiste å lese noko av Aleksander Kielland

Eg har aldri lest noko av han før. Eg kan lova at det vert ikkje den siste bok eg les av denne forfattaren. Språket er mekktig - han har ordet i si makt. Sjølv om han la ned pennen som 42-åring, så har han satt tydelege spor. "Kielland var født med sølvskje i munnen, men i sitt liv og forfatterskap strevet han med ambilvalens mellom den patrisierstanden han selv tilhører og de undertrykte" (Tor Obrestad i "Sannhetens pris - en beretning").

Akkurat slik opplevde eg boka "Fortuna" som eg akkurat er ferdig å lesa. Her er det sterke motstridande krefter. Handlinga går nok føre seg i Stavanger (sjølv om Kielland aldri nemner heimplassen sin i si diktning) og det heile utspelar seg i dei tøffe 1880-åra. Kapitalistane freiste halde hovudet høgt og satsa stort, men fallhøgda vart desto større. Ei fantastisk bok, med eit mektig språk. Anbefales absolutt.


I tillegg til "Fortuna" Kjøpte eg den før nemde biografien til Tor Obrestad - "Alexander L. Kielland.. Sannhetens pris - en beretning". Dette verkar som ei fin bok å lese, som ei innleiing til fleire Kielland-bøker.



Ei anna bok eg har hatt stor hugnad av i desember, er Bibelen, og spesielt Det Nye Testamentet. Dette tenkte eg å ta føre meg i neste dagbokside. Likevel slepp eg eit lite Bibelinspirert dikt her, i tillegg til par linkar til 2 songar som har vorte spesielle for meg denne jula.

Nokre gonger

er det slik
at du trur det ikkje
før du ser det

Det største av alt
ser du (likevel) ikkje
før du

trur det.





(Ny salme for meg - høyrde den på julafta i Hundvåg Kirke)

---

På toget mellom Røros og Trondheim, 27.desember 2014

Rune






fredag 26. desember 2014

Mitt namn er Rune Olstad. Eg les mykje og skriv ein del - mest dikt.



Denne bloggen tenkte eg å bruke som ei litteraturdagbok. Eg vil skrive litt om bøkene eg les, og av og til legge ut eigne eller andre sine dikt.

Eg har gitt ut 6 diktsamlingar på eige forlag. Den siste (som er ei samling av det beste eg har skrive), er framleis tilgjengeleg.



Viss du vil høyre mi røyst, kan du gjere det her:

Nrk-intervju like før jul 2012

Framleis God jul!


Stavanger 26.desember 2014

Rune