søndag 29. mars 2015

Påskekrim

Ja, det er påske, og i Norge er det høgsesong for krim. Sjølv kjem eg rett i frå Palmesøndagskveldsgudstjeneste. Det som skjedde i Jerusalem den påska for vel 2000 år sidan, kan vel også kome inn under krimsjangeren. Det let eg like vel ligge.

Eg skal i dette innlegget kome med mine tre norske favorittar innan krimsjangeren. Damene får ha meg unnskyldt, men eg landa på tre menn. Tre vise menn, for å stikke innom Bibel att. Desse tre meiner eg har skjønt det. Nr 1 var no eit litterært geni, og bevega seg i mange ulike sjangrar. Nr 2, er min samtidsfavoritt, i lag med nr 3.

Kor kjem omgrepet "påskekrim" frå. Høyrde på radioen i dag, at det heile starta nokså tilfeldig i 1923, med boka "Bergenstoget plyndret inat" av Jonatan Jerv. Dei som sto bak dette pseudonymet, var Nordahl Grieg og Nils Lie.
To fattige studenter, som nettopp laga ei historie om nokre studentar som plyndra bergenstoget. Dei fekk den utgitt mot at dei laga eit kapittel til slutt, der alle passasjerane fekk tilbake sakene sine.
Det høyrer med til historia, at annonsa sto på framsida i Aftenposten, og vart sett på som ei nyheitssak. Aftenposten vart nedringt av fortvila folk som hadde familiemedlemmar på toget.

Høyr gjerne på dagens Brønsj på P1.

http://radio.nrk.no/serie/broensj#t=28m49s

1) Bernhard Borge - Nattmennesket, er av dei absolutt beste bøkene eg har lest. Må berre lesast


2) Gunnar Staalesen - Varg Veum er min favoritthovudperson i moderne krim.


3) Hans Olav Lahlum - Likar dei to hovudpersonane og samhandlinga dei i mellom. Har lest alt han har gitt ut av Krim. Unn deg ei Lahlum-bok i påska!


Det er sjølvsagt mange andre som sikkert er på høkgde med desse tre. Dette var no mine favorittar då. Vi har sjølvsagt ein del kvinnelege forfattar som kan nemnast. Karin Fossum og Anne Holt t.d.

Det som øydelegg krimsjangeren, er at det er så like plot og alt for like hovudpersonar. Synes forlaga kunne vore litt meir kritiske.

Den som sel mest, og er akta både innanlands og utanlands, er nok ikkje på mi 10 på topp liste heller, men all honnør til vedkomande. Forlaga brukar så mykje pengar på han (som gjer at det vert vanskelegare for andre ...) difor treng ikkje eg reklamere for han her :-).

I påska vert det nok ikkje krim for min del. Eg satsar på ein del Bibellesing, i tillegg til siste boka til Brit Bildøen.
Håpar òg å få starta på denne:

Guadalupe Nettel.


God påske!


Rune


tirsdag 24. mars 2015

Ein spesiell dag, og ei gåve til dykk

I dag er det 49 år sidan mor mi fødte tvillingar. Dessverre fekk eg aldri møte bror min. Eg har ofte tenkt, og spesielt i dei seinar åra, på korleis det hadde vore å hatt ein bror. Kva hadde det gjort med meg? Kven hadde eg vore då? Men det vart no slik som det vart.
Når eg høyrer, eller spelar sjølv, Lillebjørn Nilsen sin song "Vinterbror" gjer dette noko med meg, både på godt og vondt.

Livet har gitt meg mykje. Det har vore både opp -og nedturar. Den største gåva, skal vere med meg å ete pizza på restaurant i dag. Det å sjå at det gror etter ein, er det største som finst. Ein takk må gå til mi eks.kone også, som gav meg den mogelegheita :-).

Ellers er det no skriving, som står meg i hovudet for tida. Eg slepper ein tekst her i dag, mulig den kan bli med i noko større som kjem ut ein gong.

Dette er ein tekst som mange kan kjenne seg att i. Eg er nok innom der. Du som lesar er nok der, og i alle fall nokon du kjenner eller har møtt. Lukke til med "På flukt".

Eit lite musikkstykke kan de jo lytte til også, om de vil:

Grieg

På flukt

Ho stig ut i dagen. Det er tidleg mai. Sola skin frå ein skyfri himmel. Set seg på steintrappa. Ser utover ei bygd, som ho ein gong kalla for si. Ho smiler.

Kaffien er lunken. Katten smyg seg inntil dei nakne beina hennar. Alt er berre ro. Det har ikkje alltid vore slik.

Ho høyrer det går i trappa. Ytterdøra vert opna. Ei hand stryk henne varleg i nakken.

- God morgon kjære!
- God morgon! Sove godt?
- Ja, kjempegodt, kan ikkje hugse sist eg sov så lenge.
- Så fint.
Ho gjer plass til han på trappa.

Dei sit stille. Lenge. Lauvtrea, har teke den grøne sommarkjolen på. Dei ser utover bygda. Alt er stille. Alt er vakkert.

- Eg likar meg her, seiar han.
- Så bra! Ho smiler mot han.
- Kan vi bli buande her då?

Han ser på henne, ristar lett på hovudet.

- Nei ikkje enno. Det er så mykje ...

Ho avbryt han. Stryk han over ein hårete arm. Lener seg inntil han. Tenkjer «Ein får berre nyte stunda».

- Kjem bror din i dag, seier han.
- Ja, seier ho, både han og kona.
- Åh, kjem ho óg? Det sa du ikkje noko om.
- Nei, kvifor skulle eg det?
- Du veit eg ikkje kan fordra henne.
- Det veit eg ikkje, seier ho.

Ser overraska bort på han, medan ho tek den siste kaffisupen.

- Ja, men eg trudde ...
- Ja, du trur så mangt du.
- Då reiser eg i dag, seier han. Ser bort.

Dei vert sitjande tause, i fleire minuttar. Han ser på henne, ristar lett på hovudet. Går ned til postkassen. Set seg på benken ved eldhuset. Les i lokalavisa. Startar bakerst, slik han alltid plar gjere. Ho kjem og set seg ved sidan av.

- Kva skjedde eigentleg med deg og henne den gongen?
- Eg har fortalt det. Han ser ned i avisa att.
- Alt?
- Det som er å fortelja.
- Du held noko tilbake. Det er som du alltid ...
- Nei, seier han, det er nok no.
Ho skvett til.
- Nei, seier han ein gong til. Eg klarer ikkje høyre det der meir.

Han går inn. Pakkar sakene sine. Går ut på badet. Ser inn i spegelen, kviskrar «Kor dreg du no?». Så vaskar han andletet i iskaldt vatn, dreg venstrehanda gjennom det halvlange, grå håret, før han går ut på trappa att.

Han kyssar henne på kinnet, tek sekken på ryggen og ruslar ned mot buss-stoppet.

Ho sit att på trappa. Ho følgjer han med augo, der han går nedover den delvis attgrodde vegen. Han er så elegant. Bevegar seg som ein ballettdansar.
Tårer renn nedover kinna hennar. Ho smiler eit tappert smil. Let dei berre renne fritt. Kven dansar han neste dans med tru?


I det han skal til å gå inn på bussen, løftar han ei hand. Ho vinkar tilbake, og veit ...

-----

Ein god dag ynskjes alle :-)


Rune

søndag 22. mars 2015

Det er den draumen ...

Ja, slik startar ein av dei finaste dikta eg veit om.  Olav H. Hauge, har mykje bra. Dette diktet er i grunn ein heil bauta for seg sjølv, synes eg.

Slik er det vel med oss alle. Vi ber på større eller mindre draumar. Ja, det treng ikkje akkurat vere at berget skal opna seg og kjeldor springa, men likevel.

Sjølv har eg vel også ein draum. Det er ein draum med mange hovud. Mellom anna drøymer eg om å bli fri. Fri frå all angst og all skuldkjensle. Det forstår eg at er ein umogeleg draum. Eg er no slik som eg er, både på godt og vondt. Sjølvsagt kan det vere von om betre dagar, noko det absolutt er også til tider.
Eg drøymer om at nokon ein gong skal forstå meg. Enno har eg vel til gode å møte eit mennesle som har gjort det. Ingen har vel prøvd på det heller. Kvar og ein har visst nok med sitt.
Eg treng tid, men det får eg aldri.

Eg drøymer om at eg skal sleppe å bu åleine resten av livet. Tenk om eg fekk ein sjanse til å vise kven eg er.
Av og til så føler eg at eg er i eit både fysisk og psykisk fengsel - eg vil ikkje vere der. Det er vondt. Svært vondt.

Skrivinga er òg ein stor draum. At det skal verta noko meir. Noko betre. Noko større. Skrivinga er avhengig av dei andre draumane. Dei om ro, om tryggleik ... Men skriv, gjer eg, dag ut og dag inn. Kanskje ...




I kveld var eg på gudsteneste att. Det gjev meg faktisk fred og ro. Der er eg trygg og der får eg syngja, der får eg tilgiving. JA, kyrkja er vel den plassen der eg føler meg mest velkomen, Der kan eg vere meg. Eg er ingen annan.

Eg har gått meg vill

kjem snublande
tilbake til deg
Du tek i mot meg

Eg gjer feil
ber om godt vær
Du tilgir meg

Eg er nede
ber om trøyst
Du har alltid eit ord til meg

Eg gret
av fortviling
Du let meg gråte

Eg er glad
som eit lite barn
Du let meg ha mi barnlege glede

Gjennom son din
Jesus Kristus
gav du meg alt dette

Takk!
Eg er din no.

----

I kveld har eg spelt ein del Bob Dylan. Min nr.1 for tida, er "I believe in you". Denne versjonen med Sinead O`Conner frå Roayl Albert Hall (1999) er berre amazing, som det heiter på nynorsk.

Sinead O`Conner - I believe in you



Låta er frå albumet Slow train comming frå 1979.


Ynskjer alle ein fin kveld :-)


Skage i Namdalen 22.mars 2015


Rune





torsdag 12. mars 2015

Døden

Eg gir dykk denne teksten i dag. Den måtte skrivast denne óg. Denne vesle teksten, seier faktisk veldig mykje om kva eg har stridd med opp i gjennom åra, og framleis strir med.

Som akkompagnement kan de jo høyre på denn:


Døden

Døden bankar på ruta. Den vil berre minne han på, at døra står open. Det er berre å kome inn.

Heile livet, i alle fall store deler av det, har han vore livredd for Døden. Denne store, stygge, ukjente, mystiske og skremmande skikkelsen, som han føler vil sluke alt.
Kva er då vitsen, tenkjer han. Kvar dag tenkjer han dette. Det har sett seg i kroppen. Ja, Døden har teke grep, både fysisk og psykisk. Han har styringa over det meste.

Han er Døden. Døden er han.

Kva med livet då? Har det ikkje gitt han noko? Jau visst. Han har då både elska og vore elska. Ingen av delene har han kunne halde ut. Døden har lege på lur. Minna han på sin eksistens, eller kanskje heller sin mangel på eksistens.

Han er redd. Maktar ikkje leve. Maktar ikkje døy.

Han trekk føre gardinene. Du får berre vente, tenkjer han. Eg kjem ikkje i dag heller, ikkje av eigen vilje i allefall. Eg kjem aldri av eigen vilje.

Kven er han? Døden altså. Døden i han. Dei mørke understraumane som dreg han under, gong etter gong.
Han kavar seg opp att. Inn til land. Hiv etter pusten. Sveittar. Gret ein skvett. Vil jo ikkje ha det slik.


Kvar dag, må han kjempe seg fri.



Skage i Namdalen 12.mars 2015


Rune

tirsdag 3. mars 2015

Jesus frå Nasaret

På toget sit ein mann, les i Bibelen. Noterer. Han verkar så trygg. Folk ser på han. Annerkjennande. Kven er han, tenkjer dei. Kanskje prest? Eller, student?



Han noterer. Smiler. Nikkar. Smiler igjen. Kva driv han med?

Toget går sørover. Han skal på ei helgevitjing. Gledar seg litt, men er óg litt spent.  Han tek fram telefonen. Han sender meldingar til sin åndelege mentor. Dei diskuterer Jesus frå Nasaret. Mentoren hans elskar denne mannen. Det har ho gjeve uttrykk for. Han sjølv har lese flittig i Det nye testamentet i det siste, og er begeistra.

Han har vore på leit. Lenge. Har hatt sitt å stri med i livet. Det er noko meiningsberande som har mangla.
Natta sig på. Han duppar såvidt av ein augneblink. Det er morgon, og tid  for togbytte.

Han les og noterer. Noterer og les. Det Nye Testestamentet fasinerer han. Menneska på den tida, var vel omlag som vi er no, tenkjer han.  Det var avundsjuka, begjæret, makta og æra som styrde då, slik som no.


Jesus, var vel eit offer for jantelova. Den eksisterte nok på hans tid óg.
Han lever seg inn i handlingane. Kjenner seg att. Kjenner at han får meir og meir sympati for denne tømrarsonene frå Nasaret.

Han er framme. vert møtt på stasjonen. Helga vert ikkje heilt slik han hadde trudd. Det skjedde mykje, og han møtte mange flotte mennesker. Likevel, sit han att med ei kjenslel av å vere på feil spor.

Like før han la seg den laurdagskvelden, sende han ei melding til mentoren:

- Har hatt det fint i kveld. No har eg bestemt meg for Jesus <3

Svaret tikkar inn neste morgon:

- Fantastisk! Jesus har bestemt seg for deg :-).

Han kjenner seg fri. Det er ikkje det at han er ny på nokon måte, eller har sett "lyset". Langt i frå. Det er berre det at han har bestemt seg for Jesus.

Sigvart Dagsland - Navnet Jesus blekner aldri

Han freistar drøfte dette med tru og tvil, i løpet av helga, men vert avfeid med at:
- Eg trur ikkje. Det finst ingen Gud.

Helga har i grunn vore litt rar, tenkjer han, der han sit på toget på veg nordover att. Det han søkte støtte for, fekk han ikkje. Men han fann noko mykje viktigare. Han fann Jesus.

Han les og noterer. Smiler. Skriv diktet:

Frykt ikkje

alt er mulig
for den som trur

Du veit vel
kven som har

fjerde nattevakt.
(Insp. av Markusevangeliet)

Det vert ein fin togtur


No, nokre veker seinare. Den siste fredagskvelden i februar, er han litt "nede". Men, i det han startar på denne teksten, kjem han inn på det rette sporet att.

Kyrkja har vorte ein del av det nye livet, og høgdepunkta der har vore mange. Det største av alle, var nok Julafta, med salmen "En krybbe var vuggen". Då gret han, og forstod.

Og, endeleg slepp han stå å banke på låste dørar :


Kvifor

har eg stått så lenge
å banka 
på låste dørar

kvifor?

Eg var ikkje 
klar over
at det fanst
ei open dør

ei dør
der nøkkelen
stod i låsen
på utsida

Så gjekk eg
dit ein dag

ikkje trong eg
banke på

ikkje trong eg
forklare meg

eg kom
som eg var

eg kom med
alle mine tankar

med all
mi tvil

med mi
simple tru

Og, eg som trudde
at di dør
var stengt
for slike som meg


Døra stod open
eg følte meg
velkomen inn

det var
ingen spørsmål

det var berre
å sette seg ned
ta i mot

Der fann eg
det eg hadde
leita etter

Så kvifor
gå rundt
å banke på
stengte dørar

Det finst ei
som alltid


er open.



Skage i Namdalen, 3.mars 2015


Rune