onsdag 25. februar 2015

Prosjekt - "Kome seg ut blant folk"

Dette blogginnlegget dedikerer eg til dei to kora eg er starta i, etter jul, og dei fantastisk flotte mennska eg møter der. Eg er så heldig å få møte dykk kvar einaste veke, og nokre av dykk til og med fleire gonger i veka.

Og eg, som ikkje kunne vere med på noko, fordi eg då batt meg opp til faste tider kvar veke. Eg ville vere fri. Ja, slik kan ein tenkje.

NO, er eg nemleg fri - Eg får drive med noko av det kjekkaste eg veit.

Å synga! 

Hurra for meg sjølv, som kraup ut av mitt hi.


Vi tek denne no, som vi driv og øver inn med Gospelkoret "Salt":



Vegen, dit eg er no, har ikkje berre vore lett. Det har vore ein del slit, det skal eg vedgå. I det siste har eg gjort nokre justeringar i livet mitt, som kan lesast i tidlegare bloggpostar.

Men å slite psykisk er heldigvis ikkje lenger forbunde med skam. Ein kan få hjelp. Likevel er det ein sjølv som må gjere jobben. Det har vore mange tunge stunder, med frykt og angst. Eg har følt meg lite verdt, hatt konstant dårleg samvit og ikkje minst - syntes så synd på meg sjølv. 

Men, etter å ha gått nokre rundar med meg sjølv, så fann eg ut at det eg eigentleg dreiv på med, var å dyrke mi eiga elendigheit.
Gjennom eit par opphald på Friskgården i Grong (Bergsmo) har eg blitt meir bevist på kognetiv tankegang. 
No har eg teke tak i det, og det med å synge i kor, det er kognetiv terapi på sitt beste. Det er rein medisin. Kor er blitt min lykkepille.

Nei, no må det bli ein song att. Denne songen skal vi gutta i Namsos Kammerkor synge på Prøysenprosjektet vårt:




Ja, dette er noko å glede seg til :-).


For dykk som ikkje kjenner meg så godt, så er musikk, bøker og skriving mine store interesser her i livet, i tillegg til fjell og friluftsliv. Og sjølvsagt min sønn, som er ein flott 3.klassing no.

No driv eg med to skriveprosjekt:

- Diktsamling, med arbeidstittelen "Jesus frå Nasaret"

- Kortprosasamling, med arbeidstittelen "Den du trur du kjenner, er gjerne ikkje slik"


Her får de eit dikt:

Du kan ikkje

sjå lyset
om du ikkje
har vandra
i mørkre

Du kjenner ikkje
kjærleiken
om du ikkje
har møtt hatet

Du kan ikkje
eingong leve
om du ikkje


vil å døy.

----------


Skage i Namdalen, 25.februar 2015


Rune






torsdag 19. februar 2015

Laurdagskveldshjarte

I går, då eg var saman med son min og hans kamerat på Vesterland leikeland, satte eg meg ned for å slappe av. Eg lytta til Tom Waits, og det gav meg den følgjande teksten:


Laurdagskveldshjarte

Eg sit med øyretelefonar. Høyrer Tom Waits, og «The heart of Saturday night». Dei to gutane leikar. Vi er i ein av desse leikelanda. Desse landa, som har dukka opp, omlag slik nye land kom til etter sovjetunionens fall. Dei har absolutt sin misjon, og borna elskar dei. Sjølv finn eg gjerne fred, ved foten av dei. Fred til å skriva.

Det er folksamt her i dag. Mest unge mødre, med sine håpefulle.

Eg kikkar på dataskjermen. You Tube hadde heile albumet. Eg les tittelen ein gong til. «The heart of Saturday night». Tårer pressar på. Eg ser deg, der du spring. Du strålar. Du er heilt inne i leikeverda. Dit vi alle ynskjer oss, men så sjeldan når inn no. Inga sol, kan skine slik eit barn i leik kan skine.

Eg tørkar ei tåre. Smiler. Eit smil i takksemd.

Ja, du kom til oss ein sein laurdagskveld. Snart ni år sidan no. Du vart, og vert for all framtid vårt «laurdagskveldshjarte».

Det var nok ikkje deg Tom Waits tenke på, då han skreiv denne songen. Ein laurdagskveld har mange hjarteslag. Dei slår nok ikkje heilt synkront, men dei er der ute ein stad. Teksten i songen, handlar om ein som er på leit. På leit etter «The heart of Saturday night». Om han finn det han leitar etter, kven veit.


Uansett, for meg, som er så heldig å vere din far, vil du alltid vere ...

--------------------

Her er songen:



Ha ein fin dag!!



Kaupanger, 19.februar 2015.


Rune

mandag 2. februar 2015

Om å reise i seg sjølv.

EG REISER I MEG SJØLV

Ei indre reise
i kupert landskap

Kartet
er stadig
i endring

Nye vegar
kjem til.

Gamle vegar
er gjengrodde.

Nokre av dei
ryddar eg

andre
let eg vere
som dei er.

Eg reiser
i meg sjølv

ei forunderleg reise
utan rutetider

men for tida
med opent

sinn.
----

Ja, dette diktet kan vel kanskje illustrere nokon av kjenslene mine, på reisa gjennom livet. Denne store, vidunderlege og til tider håplause tilstanden

Eg reiser nok mest i bøker. Land og strand. Over fjell, gjennom dalar. Treff mange ulike folk, og dei har alle noko å gje meg. Eg prisar meg lukkeleg, over alle bøkene eg møter på min veg.

Eg skriv mykje for tida.Det meste av den teksten eg produserer, vert ikkje publisert her, då eg har nokre andre planar :-). Nokre drypp vil nok kome her óg. Å skrive, er óg ei fantastisk reise. Her reiser eg både i meg sjølv,og i eventyrlanda. Fantasi og draum er viktig, og heilt naudsynt, for å kunne halde ut.

Ja, så er det sangen då. Ei reise i glede og fellskap med andre, mot eit mål om at dei to kora eg er med i, skal kunne gje folk noko. Eit påfyll i kvardagen. Ei oppleving av noko fint. Å reisa saman med andre, mot eit felles mål, er kanskje det aller finaste.

Denne sangen her, i Eva Cassedy sin versjon, vil eg gje dykk i dag. Den gjer noko med meg, noko vindunderleg, og så er den gjennomsyda av HÅP. Vi treng HÅP!!!



Eva Cassedy - Somewhere over the rainbow 

Personleg har det å gå i kyrkja, i det siste gitt meg utruleg mykje. Eg har funne meg sjølv, i glede, smil og tårer over eit bodskap av tru, håp og kjærleik. Dette var ei reise, som eg ikkje hadde planlagt. Difor, er det kanskje den mest fantastiske reisa ein er på óg. Eg må reise på min måte, og med mitt tempo. Eg kjenner ei ro, som eg har lengta etter, og som eg håpar eg kan behalde. På denne reisa har eg ein del flotte reisefeller, som "backer" meg opp. Det er som vi går hand i hand, sjølv om vi bur milevis frå kvarandre.

Ynskjer dykk alle lukke på reisa! Avsluttar med ein av mine Dylan-favorittar:


Bob Dylan - Blind Willie McTell


2.februar 2015.


Rune