tirsdag 20. januar 2015

ORD

Ja, som sikkert nokon har fått med seg, er eg svært oppteken av ord. I dag hadde eg tenkt å skrive om noko heilt anna, men vart brått råka av orda til ein forfattar eg nyleg har "møtt". Ja, det er Kjell Askildsen.

Denne boka her, som er illustrert av Håkon Bleken, er berre heilt vidunderleg (det er forresten eit fint ord):


Denne utgåva er frå 2007 (Bokklubben).


Dette var ei stor leseoppleving. To lange noveller. Boka vant i 2006 ei kåring av dei beste romanane og novellesamlingane skrive på norsk dei siste 25 åra. Det seier no ein heil del.

Det konstanterande språket og den registrerande og knappe stilen. Det får fram spennet mellom desillusjon og håp, gjer Askildsen til ein unik forfattar (omslagstekst). JA, det er eg heilt einig i. Det er berre å lese folkens!

Per Thomas Andersen, seier i etterordet i boka: "Askildsens stil er i slekt med den franske nyromanen, med Hemingway - og kanskje med sagafortellingen. Han er på sitt beste i de to novellene i Thomas F´s siste nedtegnelser til almenheten. Her fungerer stilen optimalt, og den vesle novellesamlingen er noe av det aller beste som ble skrevet i Norge på 1980- og 1990-tallet".

Dette inspirerte meg sjølvsagt til litt diktning. Her følgjer mine to siste "verk" :-)


Ein hyllest til Kjell Askildsen

Eg er forelska
forelska i orda
til ein nedlagt penn

Synd han ikkje lenger
ser seg i stand til
å formidle

men det han har gitt
vil stå
som ein bauta

i generasjonar.



Å reise i ord

skal ein ikkje
undervurdere

Då er det fantasien
som står til rors

Dei raude leppane
vert gjerne
endå raudare

Dei brune augene
endå brunare

Dei grøne bøane
endå grønare

Ja, og kjærleiken
endå meir

levande.


Skage i Namdalen, 20.januar 2015


Rune

torsdag 15. januar 2015

Litt om Astrid Lindgren, og litt om meg

Dagen i dag starta med at eg oppdaga at det var starta ein dokumentarserie i 3 deler, om Astrid Lindgren. Du kan sjå den her:

Astrid - En fortelling om Astrid Lindgrens liv 1:3



Astrid Lindgren er vel ein av verdas mest leste forfattarar. Kven har vel ikkje høyrt om Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget, Mesterdetektiv Karlsson, m.m.m.










Ofte har det vore snakka om at ho burde fått Nobels Litteraturpris. Det er eg for så vidt einig i. Men, kven av av dei såkalla litterære kanonene opp i gjennom, har vore elska slik som henne? Ho har vore, og er framleis elska av både barn og vaksne.  Dette er vel den største litteraturprisen ein kan få.

Sjølv må eg vedgå at eg har felt mang ei tåre, spesielt når eg har lese historiane om Emil i Lønneberget. Det er berre å håpe på at vi som foreldre og besteforeldre kan vidareføre historiane hennar.
Det å gi borna den gåva, at ein les for dei, er etter mi meining svært viktig. I tillegg må vi vere enno flinkare til å oppmode til lesing. Harde pakkar, som ein kan bla i, er mitt gåvetips!

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Når det gjeld eigen litterær produksjon, kan eg dele følgjande dikt, som kom til meg her ein dag. Diktet er inspirert av Johannes 8.7, boka "Maria Magdalena - disippelen Jesus elsket" og mine eigne erfaringar, både med meg sjølv og i møte med andre mennesker. Det er kanskje eit litt i krassaste laget, men det får heller gå.


VI KASTAR

Stein etter stein

Kor har vi gøymt
Johannes 8.7.?

Vi er blinde
vi er lamme
vi talar med
to tunger

Stein etter stein

Vi ser andre
segne om
i fortviling

Vi tenkjer:
"Der fekk dei
som fortent"

Stein etter stein

Fryktar vi ikkje
morgondagen?

Kven kan vel frykte,
med eit hjarte

av stein.



Skage i Namdalen, 15.januar 2015

Rune
.

mandag 12. januar 2015

Tove Jansson - Sommerboken




Sommerboken av Tove Jansson, er ein av dei bøkene eg blar i jamnleg. "Eg bruker den som eit oppslagsverk", seier Tove Nilsen, i forordet til ein av utgåvene. Eg er så einig så einig. Eg elskar denne boka.
Boka handlar om Sophia og farmora hennar, som brukar sommaren på ei vakker øy i den finske skjærgården. Dei samtalar mykje, og er innom mange av dei store eksistensielle spørsmåla i livet. Her kjem eit par smakebitar:

Farmoren mister gebisset i gresset og lille Sophia spør når hun skal dø. "Snart. Men det har du slett ikke noe med".

Det er rart med kjærligheten, sa Sophia. Jo mer man elsker en annen, desto mindre liker den andre deg. Det er ganske riktig, bemerket farmoren. Og hva gjør man da?
Man forsetter å elske, sa Sophia truende. Man elsker verre og verre. Farmoren sukket og sa ingen ting.




Les denne boka folkens! Den gjev oss sommar i sinnet no i snø og vindbygene. Det er ei bok om håp, ei bok om undring, ei bok om det å vere barn og ikkje minst ei bok om det å vere gamal.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Elles, er eg nettopp ferdig med "Mitt navn er Asher Lev" av Chaim Potok. Ei sterk bok om korleis det er å vekse opp med eit kunstnarsinn i eit miljø der det vert venta heilt andre ting av deg.


Avsluttar dagens innlegg, med sangen "Höstvisa, Tekst av Tove Jansson.


Cumulus - Höstvisa


Skage i Namdalen, 12.januar 2015


Rune




fredag 9. januar 2015

Rolf Jacobsen - Ein bauta i norsk diktning

Det er fredagskveld. Det har stort sett vore ei fin veke. Ryggen har slått seg litt vrang, men ikkje verre enn at eg fekk svømt 1000 meter i dag. Eg er i alle fall ikkje verre.
Det har vore litt negativitet i lufta dei siste to dagane, men heldigvis så har eg nokre folk som veit å sette meg litt på plass, og får meg på betre tankar. Takk! Du som fekk meg oppatt i dag, veit no kven eg meiner.
Eg har denne lidenskapen / sjukdomen / lysta / pasjonen, ja kall det kva du vil, til at eg må skriva. I dag fekk eg klar beskjed. Du skal skrive! Du skal skrive ei bok med forteljingar!  Du har opplevd så mykje, du må få det ned!
Eg veit det kjem til å rippe opp i nokre halvgrodde sår, men eg tek utfordringa. Ja, det kjem vel til å kome nokre smakebitar her óg etterkvart.


I kveld ringte eg til ekskona, slik som eg brukar med jamne mellomrom. Vi er då stort sett gode"bussar". 
Eg: - Du, kva heitte det dikt du las til meg i bryllaupet vårt?
Ho: - Piggtrådvinter
Eg: - Takk, eg tenkte å skrive litt om Rolf Jacobsen i litteraturbloggen min.

Ja, eg kan vel enno kjenne tårene som rann nedover kinna mine, då ho leste dette fantastiske diktet:



PIGGTRÅDVINTER

--Ho.
Da vi gifta oss da var det kaldt, da.
Minst femogtjue harde,
solvervsdag, nittenførr,
krig og kvegpest.
Veien til kjerka var stengt med piggtråd.
Husker vi klatret over skigarden til prestegarden.
- Hei, kjolen din henger fast.
- nei ikke der men der.
Vi tråtte plogfurer over en is-klaka
potetåker opp til presten i serk
som sto klar med skriften.
- Jag efter kjærligheten, sa´n. Ja, sa vi.
Med du verden hvor møkkete vi var på bena.
Da vi hadde lagt oss om kvelden
grein vi en skvett, begge to. Gud
vet hvorfor.
Og så begynte det lange livet.

-----

Oj, oj, oj, for eit dikt. Må visst tørke ei tåre enno ein gong. Dette diktet er frå ein av dei mest solgte diktsamlingane i Norge - Nattåpent, frå 1985. Om andre delen av denne samlinga,sa Finn Jor frå Aftenposten : "Blant de vakreste kjærlighetsdikt i hele den norske litteratur".








Det er mykje å seie om Rolf Jacobsen. Han var journalist og diktar. Han vert rekna som ein av våre største diktarar. Diktsamlinga Jord og jern, vert gjerne rekna som den første norske modernistiske diktsamlinga.
Klikk på namnet, og les meir, mellom anna om hans rolle under 2.verdenskrig.

Eit anna dikt eg vil dele med dykk, er:

LANDSKAP MED GRAVEMASKINER

De spiser av skogene mine.
Seks gravemaskiner kom og spiste av skogene mine.
Gud hjelpe mig for en skapning på dem. Hoder
uten øyne og øyne i baken.

De svinger med kjeftene på lange skaft
og har løvetann i munnvikene.

De eter og spytter ut, spytter ut og eter,
for de har ingen strupe mer, bare en diger
kjeft og en rumlende mave.
Er dette et slags helvete?

For vadefugler. For de altfor kloke
pelikaner?

De har øyner og lenker om føttene.
De skal arbeide i århundrer og tygge blåklokkene
om til assfalt. Dekke dem med skyer av fet ekshaust
og kald sol fra projektører.

Uten struper, uten stemmebånd og uten klage.

----
Frå diktsamlinga Hemmelig liv, som kom ut i 1954.




















Til slutt vil eg ynskje alle ein fin fredagskveld. Helsar spesielt til mine mentorar. De som held meg oppe både åndeleg og skrifteleg. Nyt sangen under!


Sigvart Dagsland - Det er makt i de foldede hender


Skage i Namdalen, 9.januar 2015

Rune

onsdag 7. januar 2015

Ibsen og friluftslivets år + ein eigen tekst.

2015 er Friluftslivets år. For meg er det friluftslivets år kvart år, men om ein kan få fleire til å trekke ut i skog, mark og fjell, så trur eg det er eit samfunnsøkonomisk gode.
Kvifor rota sjøvaste Henrik Ibsen inn i dette.





Jau, Ibsen er faktisk rekna for å vere den første til å nytte begrepet "Friluftsliv".
Det er første gangen brukt i diktet "På vidderne" frå 1859. Her kjem eit utdrag:




I den øde sæterstue
al min rige fangst jeg sanker;
der er krak og der er grue,
friluftsliv for mine tanker.

De finn heile diktet, med sine 68 vers her:

Henrik Ibsen - På vidderne


Sjølv har eg lese ein del i Hebreerbrevet i Det Nye Testamentet, og det har gitt seg utslag i dette diktet:

Kunne ein tru

lik Abraham
som var villig
til å ofre sin eigen son

lik Moses
som gikk gjennom
Rødehavet

Då var det nok
meir enn Jerikos murar

som ville falle.  (Inspirert av Hebreerbrevt 11)
-----

Elles tenkte eg å gi dykk denne i dag - noko eg jobbar med innimellom mykje  anna:


Mannen


Han ser ut, utover eit ukjent landskap. Han har vore her lenge, men aldri sett. Det som fekk han hit, er ikkje lenger. Han slit, også med det.
Han er redd. Redd for kva som kan skje, men og redd for kva som ikkje kan skje. Angsten er ein følgjesvein. Har alltid vore det. Han har liksom akseptert det. Han går i terapi, men utbytte er heller magert. Kanskje han berre vil at det skal vere slik?
Ingen kjenner han. Mange veit kven han er. Det er få som snakkar til han. Han innbyr absolutt ikkje til samtale. Kroppsspråket er tydeleg, og kan ikkje mistolkast.

Kvifor er han her? Har han ein plan med livet sitt? Er det noko håp? Kva tenkjer han sjølv om desse spørsmåla? Vi får høyre kva han seier.

Eg er her fordi eg vart råka. Råka av ei kjærleikspil. Forgifta på eit vis. Eg vart hugteken. Ville i starten ikkje tru det som skjedde. I tillegg vart eg råka av ei anna pil – sjalusien. Dei fekk meg til tider ut av balanse. Men det gjekk no på eit vis. Eller, gjorde det det? Det er frukta av kjærleiken, som held meg her. Eg vil gjerne sjå den mogne. Det er fint, men likevel tøft. Det er godt, men likevel vondt.
Eg freistar tenkje framover. Men fell tilbake i mitt eige indre rot. Eg legg planar, riv dei ned. Eg går i kvilelaus ring. Kjem ikkje av flekken. Prøver å overbevise meg sjølv om at det går bra, men det gjer jo ikkje det.
Dessutan har eg konstant tankebetennesle. Eg pratar alt for mykje, når eg først kjem inn på folk. Folk klarer ikkje det. Det vert for mykje. Eg forstår dei, men dei forstår ikkje meg.

Eg har heller ingen jobb. Drikk gjer óg, alt for mykje i periodar. Eg skammar meg, nesten heile tida. Det er alltid noko å skamme seg over. Noko eg ikkje maktar. Noko eg kunne gjort betre. Noko eg ikkje skulle gjort. Det tappar meg. Men eg er sjeldan tom. Eg er energisk. Eg held meg i form, både intellektuelt og fysisk. Eg likar å lesa. JA, eg les mykje. Spesielt romanar. Å symje held kroppen i form, i tillegg til alle turane i skog og mark.

Eg har ingen kjæreste. Eg har prøvd. Det går ikkje. Eg vert for intens.
Eg ser ikkje på meg sjølv som nokon tapar. Eg ser berre ein som slit. Til tider slit han veldig. Eg trur på betring, men veit noko må endrast. Eg må nok ta nokre store avgjerande val. Akkurat no ser eg ikkje kva dette er, men, noko må snart gjerast. Eller, må det det?

Og så, tenkjer eg mykje på døden. Natt og dag.


Kvinna

Ho sit i gyngestolen. Tårene trillar nedover dei bleike kinna. Guten leikar på golvet. Han er i si eiga verd. Legoverda. Når gret ho sist? Det er lenge sidan. Ho tørkar tårene. Tenkjer tilbake til noko som var. Han var her i går, innom for å hente noko. Ho kjenner ingen som er slik. Og, slik som han elskar guten. Det er fint, synes ho. Nesten kvar dag, ser ho frukta av kjærleiken deira.
Kvifor gjorde ho det? Han forsto det ikkje. Ikkje ho heller for såvidt. Det vart liksom så mykje. Så mykje Han.
Ho tenkjer på den nye partnaren. Ho undrar seg over at ho er saman med han. Ho er vel eigentleg ikkje det. Han er snill, men ikkje slik. Han kan ikkje elske. Ho har berre kjent ein som kan elske. Guten vil på bading. Ho sender ein melding til han : «Kunne du ...». Han er der etter 10 minutt. Dei dreg, med smil om munn, begge to. Det er rart tenkjer ho. Dei smiler sjeldan, når dei ikkje er saman.

Eg sat og venta på deg, den gongen. Hadde inga aning, kva som var i vente. Du traff meg. Eg vart satt ut. Visste det måtte bli oss. JA, det vart jo det. Du var intens. Eg klarte ikkje å ta i mot alt du gav. Eg såg heller ikkje angsten din. Eg var blind. Eg vart mor til ditt barn. Eg var gla. Trudde det skulle vare. Eg sto i mot stormane. Lenge. Men innsåg etterkvart, at det kunne ikkje gå.
Du forsto nok.. Vi glei frå kvarandre. Eg såg du hadde det vondt. Likevel sto eg ikkje imot den andre. Eg veit du hatar han. Den einaste du aldri kan tilgi. Meg har du tilgitt, eller har du det?
Eg vil alltid vere gla i deg. Det er ingen som forsto kvifor vi skilde lag.
Ikkje vi heller, trur eg.


Mannen

Han sit på Gardermoen. Har site her i fire timar no. Enno er det det fire timar til flyet til Stavanger skal gå. Stavanger av alle plassar. Det er vesle julafta, og han skal dit å feire jul. Feire saman med folk han ikkje kjenner. Det vert enno ei annarleis jul. Dei siste åra har vore slik. Innerst inne kjenner han ein ro, som er noko han sjeldan opplever. Livet har, og er vel framleis eit jag. Eit jag etter noko han ikkje heilt klarer å definere.
Folk i hopetal ruslar, går fort eller spring forbi. Han sit på Peppes, og ser. Det fine med å sjå, er at det heilt uforpliktande. Ja, i alle fall til nokon skulle finne det for godt å sjå tilbake då.
Kva tenkjer folk på tru? Kvifor tenkjer dei akkurat det? Og er tanken fri? Ein kan undrast på mangt her ein sit på norges største knutepunkt tett oppunder Jul.
Zappa surrar på øyra. Han tenkjer på Jesus. Jesus har vorte ein del av livet hans. Han har vore på leit lenge, og det å lese i nyetestamentet om Jesus, har gjeve han mykje. Før var han tvilande, eller heller totalt utan tru på dette som skjedde for vel 2000 år sidan. No er han meir undrande, eller kanskje skal han sei det som det er: Han trur! På kva? Vil sikkert nokon spørje. Dei om det. Ein må ha noko å samle seg om her i verda. Det er mange nok som samlar seg rundt ølglasa og alkoholen, spesielt no i desse juletider. Han har kutta det ut – i alle fall for ei tid. Heller møte Jesus i Bibelen, enn ein sviorebror på ei brun kneipe. Likevel, fordømer han ingen. Kvart menneske er sin eigen lukkes smed.

Han ser på alle andleta. Det er så mange smilande auger. Det er augene, som er. Alt det andre er berre der. 

------

Til slutt, vil eg dele Johnny Winter si tolkinga av Dylan sin "Highway 61 reviseted", som omhandlar mellom anna Gud og Abraham sin konversasjon angåande Isak:

Johhny Winter - Highway 61 reviseted


Då ynskjer eg alle ein fin kveld!


Skage i Namdalen, 7.januar 2015

Rune





tirsdag 6. januar 2015

Om gospelkor, skodespel og slikt.

Yes! Dette var morro. Eg har vore på min første øving med gospelkoret "Salt" i Ranem Kirke på Overhalla. Det var rimeleg kaotisk for meg, då dei skulle synge i gjennom sangar som dei skal opptre med dei neste vekene. Eg hang no slik nokonlunde med på ein del. Lenge sidan eg har vore med i kor, så det er litt jobb med å lese noter m.m. Likevel trur eg at dette vert bra. Testsang for dirigenten etterpå, og ho likte min versjon av Dylan sin "To make you feel my love" (Legg lenke til Dylan sin versjon under).

Her er ein av dei sangane vi sang, og som eg har høyrt koret synge før:

Christian Ingebrigtsen / Cecila Vännersten - Paint christmas white

Elles har eg lese to skodespel av Carl Frode Tiller dei to siste dagane.















I tillegg har eg lese skodespel "Skråninga", som i utgangspunktet var ein roman. Fantastisk lesing. Tiller er ein meistar i å beskrive menneskesinnet - det er berre å freiste!

Eg vert meir og meir glad i denne sjangeren, og går med eit par plott i magen sjølv også :-). Er litt usikker på terminen, men det kjem nok.

Inni mellom all lesinga og andre sysler, fekk eg til ein skikkeleg krangel med eks-kona óg. Lenge sidan sist. Det høyrer med til historia at vi alt har skværa opp. Begge var i grunn like lei seg (trur). Ja, slik går no dagan, som dei seier nordpå, eller kor det no er.

Litt diktning har det for såvidt vore óg. Eg slepp eit her:

LATE NIGHT POETRY (Vol II)

Naked words
playing with me

I feel this
great desire

it gives me
an idea
of another

poem.

Takkar av for i dag, med ein flott sang - Nyt!!


Bob Dylan - To make you feel my love


Skage i Namdalen, 6.januar 2015

Rune

søndag 4. januar 2015

Den første søndagen i 2015

Den første søndagen i det nye året har eg brukt til å gå på Gudstjeneste i Ranem kirke. Det var i grunn ei spesiell oppleving, men absolutt fin. Det var jo berre eg og ei til som var tilstades, utanom prest, kyrkjetenar og organist.
Teksten var frå Lukas, og om då Josef og Maria mista Jesus i Jerusalem, då han var 12 år.
Det var ei fin Gudsjeneste og vi fekk synge med på min nye yndlingssalme (som eg har skrive om før). Her er teksten:

En krybbe var vuggen

Enn krybbe var vuggen som ventet han her,
det lille barn Jesus, vår Frelser så kjær.
Men stjernene lyste helt inn der han lå , det lille barn Jesus på leie av strå.

Så enkelt og stille kom Gud til vår jord
så høyt er jeg elsket av Jesus, min bror.
Han kom fra Guds himmel, Gud selv var han lik,
men Jesus ble fattig, og jeg er blitt rik.

Fra krybben til korset gikk veien for deg
slik åpnet du porten til himlen for meg.
Velsign oss, vær med oss, gi lys på vår vei,
så alle kan samles i himlen hos deg.

Slik høyres den ut:

Hilde Nordvik - En krybbe var vuggen

Ja, dette held lenge for meg!

Etter Gudstjenesta var det Kyrkjekaffe, og eg hadde ein fin samtale / diskusjon med presten om dagens tekst. Vi var også inne på kvifor så få går til kyrkje på ein vanleg søndag. Eg skal ikkje gå i detaljar her, men det var ei svært hyggeleg stund.

Etter kyrkjetid, var det klart for årets første skitur. Det var godt å kome seg ut ein tur i flott vintervær.

Lesing har det vore lite av i dag, men kvelden er enno ung. Har starta såvidt på den siste novella i Askildsen si novellesamling "Ingenting for ingenting" som eg skreiv om i gårsdagens innlegg.


DAGENS LITTERATURTILRÅDING!










Denne trilogien til Carl Frode Tiller, er eit meisterverk i norsk samtidslitteratur, og er noko eg unner alle å lese. Her føl vi ulike mennesker, i ulike tiår og det psykologiske spelet mellom dei. Mykje av handlinga føregår seg i brevs form.


Til slutt i dag, vil eg dele ein sang med dykk. Ein av våre største nynorske musikarar Tom Roger Aadland, er ein framifrå både tekstforfattar og melodimakar. Eg er så heldig at eg har fått møtt han nokre gonger - Eit flott menneske. Gledar meg til den nye plata kjem ut i slutten av månaden.

Her kjem ein song frå ei tidlegare plate:

Tom Roger Aadland - Der eg er no

Ynskjer dykk alle ein fin kveld, og god arbeidsdag til dykk som startar på att i morgon :-)


Skage i Namdalen, 4.januar 2015


Rune

lørdag 3. januar 2015

Kjell Askildsen - Novellekunstnaren

I dag vil eg slå eit slag for Kjell Askildsen - vår kanskje største novellist. Det var i grunn heilt tilfeldig at det vart han i dag. Eg fekk ein sms frå nokon som veit at eg er over gjennomsnitter interessert i litteratur. "Du må sjå det Bokprogrammet som vart sendt 21.desember - det trur eg er noko for deg". Eg leitte fram Nrk på Apple-tv og etter litt søking fann eg det.

Etter å ha sett programmet, så måtte eg naturlegvis bruke litt tid på Askildsen. Eg leita fram novellesamlinga:


Denne novellesamlinga inneheld fem noveller som alle handlar om spenningar i forhold mellom to mennesker. Eg har lese fire av dei no i ettermiddag, og er mektig imponert over språk og innhald. Det er lett å kjenne seg att. Det er nok ikkje utan grunn at Kjell Askildsen karakteriserer seg sjølv som kunstnar, med novelle som  kunsttype.
Opningsnovella Ingenting for ingenting er eit meistarstykke. Dette er ein forfattar eg verkeleg tilrår!

Her finn de det nemte NRK-programmet:

Bokprogrammet - Kjell Askildsen: Gud ser ikke alt!


Elles har eg brukt føremiddagen til å lese vidare i boka "Mitt navn er Asher Lev": Fantastisk driv i den boka.
Eg er mållaus over kor mykje litteratur det finst der ute, og ikkje minst takknemeleg for alle dei som gjev meg tips om kva bøker eg bør lesa. Ein tur i Oasen badeanlegg i Namsos har det óg vore tid til, saman med jr.

Dagens eige poetisk uttrykk kjem her:

LIK EIN ØRKENBLOME

ligg kjærleiken
løynd i oss alle

Vi kan smile
vi kan leike
vi kan le

Utan indre gjødsel
vil den likevel aldri

slå ut
i full blomst.


Dagens musikalske tilråding:

Tom Waits - (Looking for) The heart of  saturday night

Ynskjer alle ein fin laurdagskveld.


Skage i Namdalen, 3.januar 2015


Rune

fredag 2. januar 2015

Skriving - Eit åndeleg begjær

Då var den første kvardagen i det nye året omme. Den har stort sett gått føre seg i lesinga og skrivinga sitt teikn, for min del. Eit hyggeleg kafébesøk vart det tid til, i tillegg til ein runde Junior-Geni.

Skal ikkje skrive så mykje om overskrifta i dagens blogginnlegg, men serverer heller dette diktet:

SKRIVING

dette åndelege
begjær

det er vel
ingenting som
å penetrere

med ord.


WRITING

this spiritual
desire

It´s nothing
such as
penetrate

with words.


Ellers har eg brukt dagen til å lese vidare i boka om Maria Magdalena. I tillegg har eg starta på boka " Mitt navn er Asher Lev" av Chaim Potok.

Chaim Potok
Denne fekk eg av Morten Chr. på Bøker & Børst i Stavanger, i romjula.
Dette er ein troman om den jødiske billedkunstnaren Asher Lev. Den verkar svært interessant - Takk Morten!













BOKTILRÅDING!

Thomas Espedal og boka "Bergeners" er eit kjempefin oppleving.









Her går Espedal gatelangs i heimbyen Bergen. Han noterer, reflekterer, skriv dagbok og teiknar portrett av byen og menneska der. Han skriv fortellingar og noveller, møter forfattarkollegaer og andre bergensarar. Han høyrer anekdoter og skriv brev. Han lengtar ut og han lengtar heim (Henta frå baksideteksten).

Thomas Espedal er ein realist, og her der det ikkje mykje sminke. Les og opplev!



Til slutt i dag vil eg gi dykk denne sangen:

Radka Toneff - Moon´s a harsh mistress 



Skage i Namdalen 2.januar 2015


Rune

torsdag 1. januar 2015

1. januar 2015

Då var eit nytt år i full gang. Godt nytt år til alle!  Eg starta året med følgjande nyskrive dikt:

EG TRØR UT

i det nye året
med dei same
gamle skoa

Eg veit eg må
gå den nye stien
mange ganger
før eg er trygg

Gjer det med glede.


I walk out

in this new year
with the same
old shoes

I know I have to
go my new road
many times
before I can be safe

I do it with pleasure.

Det har vore ein roleg nyttårsdag, med litt TV-titting (fotball og hopprenn). I tillegg har gutta (min sønn og meg) gått ein liten tur. Det var godt å kome seg ut litt. Været er bra i Nord-Trøndelag i kveld, etter nokre dagar med mykje regn og mildvær.

Eg les i boka "Maria Magdalene - Disippelen Jesus elsket" - Bra lesning!

Ellers har eg hatt eit par hyggelige telefonar, med gode vener. Vennskap er viktig, og det må ein huske å gjødsle.

Angåande dikt, så har eg liggande ein del av denne boka - den kan kjøpast for 130,- inkl. porto hos underteikna:






















Til slutt i dag vil eg dele denne her flotte sangen, i to ulike versjonar:

Jussi Björling - O helga natt

Celtic Woman / Cloe Agnew - O holy night


Skage i Namdalen 1/1-2015