Skal ikkje skrive så mykje om overskrifta i dagens blogginnlegg, men serverer heller dette diktet:
SKRIVING
dette åndelege
begjær
det er vel
ingenting som
å penetrere
med ord.
WRITING
this spiritual
desire
It´s nothing
such as
penetrate
with words.
Ellers har eg brukt dagen til å lese vidare i boka om Maria Magdalena. I tillegg har eg starta på boka " Mitt navn er Asher Lev" av Chaim Potok.
Chaim Potok |
Dette er ein troman om den jødiske billedkunstnaren Asher Lev. Den verkar svært interessant - Takk Morten!
BOKTILRÅDING!
Thomas Espedal og boka "Bergeners" er eit kjempefin oppleving.
Her går Espedal gatelangs i heimbyen Bergen. Han noterer, reflekterer, skriv dagbok og teiknar portrett av byen og menneska der. Han skriv fortellingar og noveller, møter forfattarkollegaer og andre bergensarar. Han høyrer anekdoter og skriv brev. Han lengtar ut og han lengtar heim (Henta frå baksideteksten).
Thomas Espedal er ein realist, og her der det ikkje mykje sminke. Les og opplev!
Til slutt i dag vil eg gi dykk denne sangen:
Radka Toneff - Moon´s a harsh mistress
Skage i Namdalen 2.januar 2015
Rune
Jeg har virkelig sansen for denne bloggen! Her strømmer det på med lesetips. Den boka av Chaim Potok har jeg lyst til å lese. Jeg har lest to andre bøker av ham, The Chosen og The Promise. Begge fascinerte meg veldig, husker jeg.
SvarSlettSå bra du liker bloggen. Alltid kjekt med tilbakemeldingar.
SvarSlett