mandag 25. mai 2015

Ei pinsehelg

Sit på toget no, etter ei svært fin pinsehelg i Hamar. Her har eg vitja gamle studievener. Tenk at det er 25 år sidan vi starta på Fagskolen på Gjøvik. Ja, tida går.
I går var eg i Hamar Domkirke, på 1.pinsedagsgudsteneste.








I dag var det ein halvtimes rask spasertur ut til Domkirkeruinane og Hamardomen. Pinsehøgtida er vel den minst feira kristne høgtida. Kanskje det er fordi det ikkje er noko mat knytt opp til den, sa ein eg prata med under kyrkjekaffien på Domkirketrappa i går. Ja, det kan nok så vere. Sjølv føler eg at eg har fått svar denne helga. Pinsen er vel den mest mystiske av våre høgtider, og den minst fattbare. I dag var eg vitne til ei fantastisk Gudsteneste, og ei av dei flottaste preikene eg har høyrt.
Vi har feira den heilage anden no denne helga. Kva er no det? Som presten så treffande sa: "Det er ikkje noko intellektuelt, og du kan ikkje sjå det. Det er rett og slett Guds kraft til oss mennesker". Vi har feira Kyrkja sin fødselsdag i helga. Hadde ikkje disiplane motteke den heilage ande, kva hadde vi då å byggje vår kristne tru på. Kven skulle ha forkynt den, og kven skulle ha teke i mot?. 
I pinsa, feirar vi
- Kyrkja sin fødselsdag
- Den heilage anden
- Kjærleiken mellom Gud og menneska, og kjærleiken mellom menneska.
Pinsefargen er raud - Kjærleikens farge.
Frans av Assisis bøn
Herre gjør meg til redskap for din fred!
La meg bringe kjærlighet der hatet rår.
La meg bringe forlatelse der urett er begått.
La meg skape enighet der uenighet rår.
La meg bringe tro der tviler rår.
La meg bringe sannhet der villfarelse rår.
La meg bringe lys der mørket ruger.
La meg bringe glede der sorg og tyngsel rår!
Å Mester!
La meg ikke søke så meget å bli trøstet som å trøste.
Ikke så meget å bli forstått som å forstå.
Ikke så meget å bli elsket som å elske!
For det er gjennom at man gir at man får.
Det er ved å glemme seg selv at man finner seg selv.
Det er ved å tilgi andre at man selv får tilgivelse!
Det er ved å dø at man oppstår til det evige liv!
Amen

Det er berre å seie Amen og Halleluja til denne bøna. 

Ein vil så gjerne vere der for andre, men det er så fort å sette seg sjølv i sentrum. Vi må bli betre på å leve i kjærleik til kvarandre vi mennesker. Vi må bli betre på å tilgi. Vi må ikkje la hevn og hat styre oss, det fører berre til enno meir hevn og hat. Vi må, sjølv om det lang i frå er lett, bli flinkare til å vende det andre kinnet til. Då først, då, kan vi leve i kjærligheit både til våre medmennesker og ikkje mins Gud. 

Eg føler meg rikare etter denne helga. Eg føler eg har forstått enno meir. Vi har feira den viktigaste høgtida no. Utan den heilage ande, hadde vi vel knapt kjent til noko av det andre.

Eg ynskjer dykk alle ein fin kveld vidare, med desse orda:

Frykt ikkje

alt er mulig
for den som trur

du veit vel
kven som har


fjerde nattevakt.

mandag 4. mai 2015

I eigne auger, vert ein aldri god nok.

Kva er det å vere god nok? Kan ein bli god nok? Er det noko å streve etter?

Dette er spørsmål som meir eller mindre bevist surrar rundt i menneskesinnet. I alle fall i meg. Aldri har eg følt meg god nok. Sjølv kor bra eigentleg ting har vore, så har eg alltid funne eit eller anna som kunne ha vore så mykje betre. Og dette "eit eller anna" har vore det eg har dømt meg sjølv utifrå. Difor har eg aldri vore god nok i eigne auger. Når ein i tillegg lever i ein kultur, der ein skal snakke bort skryt, ja nesten skamme seg over slikt, så vert det ikkje lett.

Eg er fullt klar over at ved å skrive dette, så driv eg med dyrking av min eigen elendigheit. Det er ikkje bra, men må kanskje gjerast innimellom. Ikkje minst for å opne eigne auger.

Vi må bli flinkare til å lære kvarandre å ta i mot ros, både for prestasjonar, utsjånad og andre kompliment.
Kan ein ikkje seie: "Åhh, tusen takk". I staden for "Nei, det var no ingenting".

Anders Jektvik - No som ailt e bra

Når du har mykje og gi, og ingen tek i mot, vert det tungt. Til slutt sluttar du å gi, og det slår tilbake på deg sjølv.

Og, så skal vi vere "Perfekte". Eg vegrar meg t.d. for å innleie noko forhold til nokon, då eg veit så altfor godt at du vert dømd etter dei feila du gjer, og ikkje etter dine gode sider.

Det verste er likevel det å vere utan jobb. Når ein ikkje klarer å levere ein søknad, for angsten over å bli avvist er for stor. Slik er det akkurat no, dessverre. Trur arbeidsevna er god, men det kjem nok ingen og bankar på døra.

Det er nokre stader eg finn meg til rette. Der får eg kome som eg er. Eller kanskje eg gir meg sjølv lov til å kome som eg er.
Kyrkja, gjev meg ro. Ingan annan plass vert det formidla så mykje kjærleik. Sjølvsagt er mange ueinige i dette, og det får så vere. Eg vert takknemeleg og fylt av glede ved å delta i gudstjenesta. Eg takkar ja til nattverden og tek i mot den utan skam.
I tillegg har eg desse to kora då. Sang og musikk held meg opp.

Det som held meg nede, får eg berre la vere å nemne.

Ha ein fin kveld!

Rune

tirsdag 21. april 2015

Om bøker og musikk og slikt

Det er vel ei stund sidan eg har skrive noko her no, men eg har skrive mykje anna ja. I dag til dømes, skreiv eg dette diktet. Ein tanke stakk innom på morgonkviste, og bad meg notere følgjande:

Kvar vart det av leiken?                  Debussy - Arabesque II (1888)

Ein skulle
leike litt meir

ikkje berre
med ord

Tenkjer på
korleis eg leikte
med det lange
lyse håret ditt

No er du
borte for meg

Eg tek
mot til meg
leiker litt med nokre
uforgløymelege minner

Jammen
kunne vi leike
du og eg

hand i hand
sprang vi
på konglekledde stiar

kva kunne ikkje skje
bak ein skjeggete
furulegg

eg raudnar
berre ved tanken

Innerst inne
visste vi vel begge to
at det ikkje
kunne vare

men tankane ...



Elles har det gått svært mykje i korsang dei siste vekene. Namsos Kammerkor er nettopp ferdig med eit vellukka Prøysenprosjekt saman med Ketil Kolstad og dyktige musikarar. Det var knallmorro :-).

Det fekk meg til å reflektere litt:

Rikdom

Han sit på busssen. Er på veg heim frå den siste av forestillingane på helgeturnéen. Eg er rik, tenkjer han. Søkkrik.
Det er snart 9 år sidan sist han hadde ei slik kjensle.
Han kjenner han smiler inni seg. Eit stort varmt smil.
Damene syng "Visa hass Johan". Han må svelge nokre gonger. Der er så fin den songen. Damene òg forsåvidt.
Det er mange måtar å vere rik på, men det største av alt er å finne seg sjølv, i eit smil.
----


Det er så mykje meir eg skulle skrive, men det får vere til ein annan gong.

Til slutt vil eg kome med ei litteraturtilråding.

Guadalupe Nettel sin fantastiskek sjølvbiografiske oppvekstroman, er absolutt verdt å bruke tid på. Ein av dei beste bøkene eg har lese i år. Ho er ein av dei store stemmene i meksikansk samtidslitteratur. 




Alt godt frå nord :-)


Rune






mandag 6. april 2015

Kyrkja, Dylan og meg

Å gå i kyrkja, er vorte noko av det viktigaste for meg, og ikkje minst noko av det kjekkaste eg gjer. Det har ikkje alltid vore slik. Eg har vore fordømande. Eg har tillagt kyrkja meiningar, som eg ikkje har hatt belegg for.
Eg var spent på korleis "den bortkomne sonen" ville verta teken i mot. Det var ingen grunn til frykt. Eg følte meg heime med ein gong. Her får eg høyre tekstar, som grip meg. Her får eg syngja. Her får eg be. Her får eg tilgjeving for syndene mine.
I dag hadde eg ein lengre samtale med presten, under kyrkjekaffien. Det var givande. Vi prata som to likeverdige - ja, er vi ikkje alle likeverdige for Gud? Er det ikkje det Jesus prøver å seie oss, gjennom Det Nye Testamentet?



I dag var det 3 barnedåpar i Skage Kyrkje. Det var masse folk, og litt "liv" i kyrkja. Det synes eg var ekstra kjekt. Når eg sat der, og sang salmane og høyrde gudsordet, tenkte eg:
Kvar gong eg går til kyrkje, er det pålag som å bli døypt på ny. Er det ikkje fantastisk? Eigentleg treng eg ikkje gå til kyrkja heller, for å oppleve dette. Det er berre å opne hjarta sitt.

Kvar dag når du står opp, kan du verte døypt på ny.

Og lyset, som vart kveikt under dåpen, er som ei fyrlykt. Ei fyrlykt som aldri sloknar. Om du hevar blikket og opnar augene, så vil du alltid sjå fyret blinke. Du går deg nok vill, både titt og ofte, men lyset sloknar ikkje. Du har ikkje ein sjanse til å sløkkje det, men du du kan sjølvsagt snu deg vekk. Vil du eigentleg det?

Han kveikte ljoset

ljoset som
alltid brenn

det er vår
leidestjerne
på veg til himmelen

Det vil
aldri slokne
du vil alltid finn fram

om du kjem
på villspor
rekk han deg

si hand.  (R.O. 6.april-2015)

Og, så må eg nok ein gong trekke fram Bob Dylan. Denne fantastiske artisten som har gitt oss så mykje. Han er, etter mi meining, ein av våre største nolevande tekstskaparar.
I dag, som fleire gonger før, er det denne teksten eg trekk fram:

I believe in you

They ask me how I feel
and if my love is real
and how I know I'll make it through.
And they, they look at me and frown
they'd like to drive me from this town,
they don't want me around
'cause I believe in you.

They show me to the door,
they say don't come back no more
'cause I don't be like they'd like me to,
and walk out on my own
a thousand miles from home
but I don't feel alone
'cause I believe in you.

I believe in you even through the tears and the laughter,
I believe in you even through we be apart.
I believe in you even on the morning after.
Oh, when the dawn is nearing
oh, when the night is disappearing
oh, this feeling is still here in my heart.

Don't let me drift too far,
keep me where you are
where I will always be renewed.
And that which you've given me today
is worth more than I could pay
and no matter what they say
I believe in you.


I believe in you when winter turns to summer,
I believe in you when white turn to black,
I believe in you even through I be outnumbered.
Oh, through the earth may shake me
oh, through my friends forsake me
oh, even that couldn't make me go back.

Don't let me change my heart,
keep me set apart
from all the plans they do pursue.
And I, I don't mind the pain
don't mind the driving rain
I know I will sustain
'cause I believe in you

Eg seier ikkje meir om denne teksten, men du kan høyre den her:

Bob Dylan - I believe in you

Her kan de sjå meg, i ein liten pause, medan eg spelar nemde sang:


Det var nokre ord, om kyrkja, Dylan og meg. Ha ein fin 2.påskedag!


Rune

søndag 29. mars 2015

Påskekrim

Ja, det er påske, og i Norge er det høgsesong for krim. Sjølv kjem eg rett i frå Palmesøndagskveldsgudstjeneste. Det som skjedde i Jerusalem den påska for vel 2000 år sidan, kan vel også kome inn under krimsjangeren. Det let eg like vel ligge.

Eg skal i dette innlegget kome med mine tre norske favorittar innan krimsjangeren. Damene får ha meg unnskyldt, men eg landa på tre menn. Tre vise menn, for å stikke innom Bibel att. Desse tre meiner eg har skjønt det. Nr 1 var no eit litterært geni, og bevega seg i mange ulike sjangrar. Nr 2, er min samtidsfavoritt, i lag med nr 3.

Kor kjem omgrepet "påskekrim" frå. Høyrde på radioen i dag, at det heile starta nokså tilfeldig i 1923, med boka "Bergenstoget plyndret inat" av Jonatan Jerv. Dei som sto bak dette pseudonymet, var Nordahl Grieg og Nils Lie.
To fattige studenter, som nettopp laga ei historie om nokre studentar som plyndra bergenstoget. Dei fekk den utgitt mot at dei laga eit kapittel til slutt, der alle passasjerane fekk tilbake sakene sine.
Det høyrer med til historia, at annonsa sto på framsida i Aftenposten, og vart sett på som ei nyheitssak. Aftenposten vart nedringt av fortvila folk som hadde familiemedlemmar på toget.

Høyr gjerne på dagens Brønsj på P1.

http://radio.nrk.no/serie/broensj#t=28m49s

1) Bernhard Borge - Nattmennesket, er av dei absolutt beste bøkene eg har lest. Må berre lesast


2) Gunnar Staalesen - Varg Veum er min favoritthovudperson i moderne krim.


3) Hans Olav Lahlum - Likar dei to hovudpersonane og samhandlinga dei i mellom. Har lest alt han har gitt ut av Krim. Unn deg ei Lahlum-bok i påska!


Det er sjølvsagt mange andre som sikkert er på høkgde med desse tre. Dette var no mine favorittar då. Vi har sjølvsagt ein del kvinnelege forfattar som kan nemnast. Karin Fossum og Anne Holt t.d.

Det som øydelegg krimsjangeren, er at det er så like plot og alt for like hovudpersonar. Synes forlaga kunne vore litt meir kritiske.

Den som sel mest, og er akta både innanlands og utanlands, er nok ikkje på mi 10 på topp liste heller, men all honnør til vedkomande. Forlaga brukar så mykje pengar på han (som gjer at det vert vanskelegare for andre ...) difor treng ikkje eg reklamere for han her :-).

I påska vert det nok ikkje krim for min del. Eg satsar på ein del Bibellesing, i tillegg til siste boka til Brit Bildøen.
Håpar òg å få starta på denne:

Guadalupe Nettel.


God påske!


Rune


tirsdag 24. mars 2015

Ein spesiell dag, og ei gåve til dykk

I dag er det 49 år sidan mor mi fødte tvillingar. Dessverre fekk eg aldri møte bror min. Eg har ofte tenkt, og spesielt i dei seinar åra, på korleis det hadde vore å hatt ein bror. Kva hadde det gjort med meg? Kven hadde eg vore då? Men det vart no slik som det vart.
Når eg høyrer, eller spelar sjølv, Lillebjørn Nilsen sin song "Vinterbror" gjer dette noko med meg, både på godt og vondt.

Livet har gitt meg mykje. Det har vore både opp -og nedturar. Den største gåva, skal vere med meg å ete pizza på restaurant i dag. Det å sjå at det gror etter ein, er det største som finst. Ein takk må gå til mi eks.kone også, som gav meg den mogelegheita :-).

Ellers er det no skriving, som står meg i hovudet for tida. Eg slepper ein tekst her i dag, mulig den kan bli med i noko større som kjem ut ein gong.

Dette er ein tekst som mange kan kjenne seg att i. Eg er nok innom der. Du som lesar er nok der, og i alle fall nokon du kjenner eller har møtt. Lukke til med "På flukt".

Eit lite musikkstykke kan de jo lytte til også, om de vil:

Grieg

På flukt

Ho stig ut i dagen. Det er tidleg mai. Sola skin frå ein skyfri himmel. Set seg på steintrappa. Ser utover ei bygd, som ho ein gong kalla for si. Ho smiler.

Kaffien er lunken. Katten smyg seg inntil dei nakne beina hennar. Alt er berre ro. Det har ikkje alltid vore slik.

Ho høyrer det går i trappa. Ytterdøra vert opna. Ei hand stryk henne varleg i nakken.

- God morgon kjære!
- God morgon! Sove godt?
- Ja, kjempegodt, kan ikkje hugse sist eg sov så lenge.
- Så fint.
Ho gjer plass til han på trappa.

Dei sit stille. Lenge. Lauvtrea, har teke den grøne sommarkjolen på. Dei ser utover bygda. Alt er stille. Alt er vakkert.

- Eg likar meg her, seiar han.
- Så bra! Ho smiler mot han.
- Kan vi bli buande her då?

Han ser på henne, ristar lett på hovudet.

- Nei ikkje enno. Det er så mykje ...

Ho avbryt han. Stryk han over ein hårete arm. Lener seg inntil han. Tenkjer «Ein får berre nyte stunda».

- Kjem bror din i dag, seier han.
- Ja, seier ho, både han og kona.
- Åh, kjem ho óg? Det sa du ikkje noko om.
- Nei, kvifor skulle eg det?
- Du veit eg ikkje kan fordra henne.
- Det veit eg ikkje, seier ho.

Ser overraska bort på han, medan ho tek den siste kaffisupen.

- Ja, men eg trudde ...
- Ja, du trur så mangt du.
- Då reiser eg i dag, seier han. Ser bort.

Dei vert sitjande tause, i fleire minuttar. Han ser på henne, ristar lett på hovudet. Går ned til postkassen. Set seg på benken ved eldhuset. Les i lokalavisa. Startar bakerst, slik han alltid plar gjere. Ho kjem og set seg ved sidan av.

- Kva skjedde eigentleg med deg og henne den gongen?
- Eg har fortalt det. Han ser ned i avisa att.
- Alt?
- Det som er å fortelja.
- Du held noko tilbake. Det er som du alltid ...
- Nei, seier han, det er nok no.
Ho skvett til.
- Nei, seier han ein gong til. Eg klarer ikkje høyre det der meir.

Han går inn. Pakkar sakene sine. Går ut på badet. Ser inn i spegelen, kviskrar «Kor dreg du no?». Så vaskar han andletet i iskaldt vatn, dreg venstrehanda gjennom det halvlange, grå håret, før han går ut på trappa att.

Han kyssar henne på kinnet, tek sekken på ryggen og ruslar ned mot buss-stoppet.

Ho sit att på trappa. Ho følgjer han med augo, der han går nedover den delvis attgrodde vegen. Han er så elegant. Bevegar seg som ein ballettdansar.
Tårer renn nedover kinna hennar. Ho smiler eit tappert smil. Let dei berre renne fritt. Kven dansar han neste dans med tru?


I det han skal til å gå inn på bussen, løftar han ei hand. Ho vinkar tilbake, og veit ...

-----

Ein god dag ynskjes alle :-)


Rune

søndag 22. mars 2015

Det er den draumen ...

Ja, slik startar ein av dei finaste dikta eg veit om.  Olav H. Hauge, har mykje bra. Dette diktet er i grunn ein heil bauta for seg sjølv, synes eg.

Slik er det vel med oss alle. Vi ber på større eller mindre draumar. Ja, det treng ikkje akkurat vere at berget skal opna seg og kjeldor springa, men likevel.

Sjølv har eg vel også ein draum. Det er ein draum med mange hovud. Mellom anna drøymer eg om å bli fri. Fri frå all angst og all skuldkjensle. Det forstår eg at er ein umogeleg draum. Eg er no slik som eg er, både på godt og vondt. Sjølvsagt kan det vere von om betre dagar, noko det absolutt er også til tider.
Eg drøymer om at nokon ein gong skal forstå meg. Enno har eg vel til gode å møte eit mennesle som har gjort det. Ingen har vel prøvd på det heller. Kvar og ein har visst nok med sitt.
Eg treng tid, men det får eg aldri.

Eg drøymer om at eg skal sleppe å bu åleine resten av livet. Tenk om eg fekk ein sjanse til å vise kven eg er.
Av og til så føler eg at eg er i eit både fysisk og psykisk fengsel - eg vil ikkje vere der. Det er vondt. Svært vondt.

Skrivinga er òg ein stor draum. At det skal verta noko meir. Noko betre. Noko større. Skrivinga er avhengig av dei andre draumane. Dei om ro, om tryggleik ... Men skriv, gjer eg, dag ut og dag inn. Kanskje ...




I kveld var eg på gudsteneste att. Det gjev meg faktisk fred og ro. Der er eg trygg og der får eg syngja, der får eg tilgiving. JA, kyrkja er vel den plassen der eg føler meg mest velkomen, Der kan eg vere meg. Eg er ingen annan.

Eg har gått meg vill

kjem snublande
tilbake til deg
Du tek i mot meg

Eg gjer feil
ber om godt vær
Du tilgir meg

Eg er nede
ber om trøyst
Du har alltid eit ord til meg

Eg gret
av fortviling
Du let meg gråte

Eg er glad
som eit lite barn
Du let meg ha mi barnlege glede

Gjennom son din
Jesus Kristus
gav du meg alt dette

Takk!
Eg er din no.

----

I kveld har eg spelt ein del Bob Dylan. Min nr.1 for tida, er "I believe in you". Denne versjonen med Sinead O`Conner frå Roayl Albert Hall (1999) er berre amazing, som det heiter på nynorsk.

Sinead O`Conner - I believe in you



Låta er frå albumet Slow train comming frå 1979.


Ynskjer alle ein fin kveld :-)


Skage i Namdalen 22.mars 2015


Rune





torsdag 12. mars 2015

Døden

Eg gir dykk denne teksten i dag. Den måtte skrivast denne óg. Denne vesle teksten, seier faktisk veldig mykje om kva eg har stridd med opp i gjennom åra, og framleis strir med.

Som akkompagnement kan de jo høyre på denn:


Døden

Døden bankar på ruta. Den vil berre minne han på, at døra står open. Det er berre å kome inn.

Heile livet, i alle fall store deler av det, har han vore livredd for Døden. Denne store, stygge, ukjente, mystiske og skremmande skikkelsen, som han føler vil sluke alt.
Kva er då vitsen, tenkjer han. Kvar dag tenkjer han dette. Det har sett seg i kroppen. Ja, Døden har teke grep, både fysisk og psykisk. Han har styringa over det meste.

Han er Døden. Døden er han.

Kva med livet då? Har det ikkje gitt han noko? Jau visst. Han har då både elska og vore elska. Ingen av delene har han kunne halde ut. Døden har lege på lur. Minna han på sin eksistens, eller kanskje heller sin mangel på eksistens.

Han er redd. Maktar ikkje leve. Maktar ikkje døy.

Han trekk føre gardinene. Du får berre vente, tenkjer han. Eg kjem ikkje i dag heller, ikkje av eigen vilje i allefall. Eg kjem aldri av eigen vilje.

Kven er han? Døden altså. Døden i han. Dei mørke understraumane som dreg han under, gong etter gong.
Han kavar seg opp att. Inn til land. Hiv etter pusten. Sveittar. Gret ein skvett. Vil jo ikkje ha det slik.


Kvar dag, må han kjempe seg fri.



Skage i Namdalen 12.mars 2015


Rune

tirsdag 3. mars 2015

Jesus frå Nasaret

På toget sit ein mann, les i Bibelen. Noterer. Han verkar så trygg. Folk ser på han. Annerkjennande. Kven er han, tenkjer dei. Kanskje prest? Eller, student?



Han noterer. Smiler. Nikkar. Smiler igjen. Kva driv han med?

Toget går sørover. Han skal på ei helgevitjing. Gledar seg litt, men er óg litt spent.  Han tek fram telefonen. Han sender meldingar til sin åndelege mentor. Dei diskuterer Jesus frå Nasaret. Mentoren hans elskar denne mannen. Det har ho gjeve uttrykk for. Han sjølv har lese flittig i Det nye testamentet i det siste, og er begeistra.

Han har vore på leit. Lenge. Har hatt sitt å stri med i livet. Det er noko meiningsberande som har mangla.
Natta sig på. Han duppar såvidt av ein augneblink. Det er morgon, og tid  for togbytte.

Han les og noterer. Noterer og les. Det Nye Testestamentet fasinerer han. Menneska på den tida, var vel omlag som vi er no, tenkjer han.  Det var avundsjuka, begjæret, makta og æra som styrde då, slik som no.


Jesus, var vel eit offer for jantelova. Den eksisterte nok på hans tid óg.
Han lever seg inn i handlingane. Kjenner seg att. Kjenner at han får meir og meir sympati for denne tømrarsonene frå Nasaret.

Han er framme. vert møtt på stasjonen. Helga vert ikkje heilt slik han hadde trudd. Det skjedde mykje, og han møtte mange flotte mennesker. Likevel, sit han att med ei kjenslel av å vere på feil spor.

Like før han la seg den laurdagskvelden, sende han ei melding til mentoren:

- Har hatt det fint i kveld. No har eg bestemt meg for Jesus <3

Svaret tikkar inn neste morgon:

- Fantastisk! Jesus har bestemt seg for deg :-).

Han kjenner seg fri. Det er ikkje det at han er ny på nokon måte, eller har sett "lyset". Langt i frå. Det er berre det at han har bestemt seg for Jesus.

Sigvart Dagsland - Navnet Jesus blekner aldri

Han freistar drøfte dette med tru og tvil, i løpet av helga, men vert avfeid med at:
- Eg trur ikkje. Det finst ingen Gud.

Helga har i grunn vore litt rar, tenkjer han, der han sit på toget på veg nordover att. Det han søkte støtte for, fekk han ikkje. Men han fann noko mykje viktigare. Han fann Jesus.

Han les og noterer. Smiler. Skriv diktet:

Frykt ikkje

alt er mulig
for den som trur

Du veit vel
kven som har

fjerde nattevakt.
(Insp. av Markusevangeliet)

Det vert ein fin togtur


No, nokre veker seinare. Den siste fredagskvelden i februar, er han litt "nede". Men, i det han startar på denne teksten, kjem han inn på det rette sporet att.

Kyrkja har vorte ein del av det nye livet, og høgdepunkta der har vore mange. Det største av alle, var nok Julafta, med salmen "En krybbe var vuggen". Då gret han, og forstod.

Og, endeleg slepp han stå å banke på låste dørar :


Kvifor

har eg stått så lenge
å banka 
på låste dørar

kvifor?

Eg var ikkje 
klar over
at det fanst
ei open dør

ei dør
der nøkkelen
stod i låsen
på utsida

Så gjekk eg
dit ein dag

ikkje trong eg
banke på

ikkje trong eg
forklare meg

eg kom
som eg var

eg kom med
alle mine tankar

med all
mi tvil

med mi
simple tru

Og, eg som trudde
at di dør
var stengt
for slike som meg


Døra stod open
eg følte meg
velkomen inn

det var
ingen spørsmål

det var berre
å sette seg ned
ta i mot

Der fann eg
det eg hadde
leita etter

Så kvifor
gå rundt
å banke på
stengte dørar

Det finst ei
som alltid


er open.



Skage i Namdalen, 3.mars 2015


Rune

onsdag 25. februar 2015

Prosjekt - "Kome seg ut blant folk"

Dette blogginnlegget dedikerer eg til dei to kora eg er starta i, etter jul, og dei fantastisk flotte mennska eg møter der. Eg er så heldig å få møte dykk kvar einaste veke, og nokre av dykk til og med fleire gonger i veka.

Og eg, som ikkje kunne vere med på noko, fordi eg då batt meg opp til faste tider kvar veke. Eg ville vere fri. Ja, slik kan ein tenkje.

NO, er eg nemleg fri - Eg får drive med noko av det kjekkaste eg veit.

Å synga! 

Hurra for meg sjølv, som kraup ut av mitt hi.


Vi tek denne no, som vi driv og øver inn med Gospelkoret "Salt":



Vegen, dit eg er no, har ikkje berre vore lett. Det har vore ein del slit, det skal eg vedgå. I det siste har eg gjort nokre justeringar i livet mitt, som kan lesast i tidlegare bloggpostar.

Men å slite psykisk er heldigvis ikkje lenger forbunde med skam. Ein kan få hjelp. Likevel er det ein sjølv som må gjere jobben. Det har vore mange tunge stunder, med frykt og angst. Eg har følt meg lite verdt, hatt konstant dårleg samvit og ikkje minst - syntes så synd på meg sjølv. 

Men, etter å ha gått nokre rundar med meg sjølv, så fann eg ut at det eg eigentleg dreiv på med, var å dyrke mi eiga elendigheit.
Gjennom eit par opphald på Friskgården i Grong (Bergsmo) har eg blitt meir bevist på kognetiv tankegang. 
No har eg teke tak i det, og det med å synge i kor, det er kognetiv terapi på sitt beste. Det er rein medisin. Kor er blitt min lykkepille.

Nei, no må det bli ein song att. Denne songen skal vi gutta i Namsos Kammerkor synge på Prøysenprosjektet vårt:




Ja, dette er noko å glede seg til :-).


For dykk som ikkje kjenner meg så godt, så er musikk, bøker og skriving mine store interesser her i livet, i tillegg til fjell og friluftsliv. Og sjølvsagt min sønn, som er ein flott 3.klassing no.

No driv eg med to skriveprosjekt:

- Diktsamling, med arbeidstittelen "Jesus frå Nasaret"

- Kortprosasamling, med arbeidstittelen "Den du trur du kjenner, er gjerne ikkje slik"


Her får de eit dikt:

Du kan ikkje

sjå lyset
om du ikkje
har vandra
i mørkre

Du kjenner ikkje
kjærleiken
om du ikkje
har møtt hatet

Du kan ikkje
eingong leve
om du ikkje


vil å døy.

----------


Skage i Namdalen, 25.februar 2015


Rune






torsdag 19. februar 2015

Laurdagskveldshjarte

I går, då eg var saman med son min og hans kamerat på Vesterland leikeland, satte eg meg ned for å slappe av. Eg lytta til Tom Waits, og det gav meg den følgjande teksten:


Laurdagskveldshjarte

Eg sit med øyretelefonar. Høyrer Tom Waits, og «The heart of Saturday night». Dei to gutane leikar. Vi er i ein av desse leikelanda. Desse landa, som har dukka opp, omlag slik nye land kom til etter sovjetunionens fall. Dei har absolutt sin misjon, og borna elskar dei. Sjølv finn eg gjerne fred, ved foten av dei. Fred til å skriva.

Det er folksamt her i dag. Mest unge mødre, med sine håpefulle.

Eg kikkar på dataskjermen. You Tube hadde heile albumet. Eg les tittelen ein gong til. «The heart of Saturday night». Tårer pressar på. Eg ser deg, der du spring. Du strålar. Du er heilt inne i leikeverda. Dit vi alle ynskjer oss, men så sjeldan når inn no. Inga sol, kan skine slik eit barn i leik kan skine.

Eg tørkar ei tåre. Smiler. Eit smil i takksemd.

Ja, du kom til oss ein sein laurdagskveld. Snart ni år sidan no. Du vart, og vert for all framtid vårt «laurdagskveldshjarte».

Det var nok ikkje deg Tom Waits tenke på, då han skreiv denne songen. Ein laurdagskveld har mange hjarteslag. Dei slår nok ikkje heilt synkront, men dei er der ute ein stad. Teksten i songen, handlar om ein som er på leit. På leit etter «The heart of Saturday night». Om han finn det han leitar etter, kven veit.


Uansett, for meg, som er så heldig å vere din far, vil du alltid vere ...

--------------------

Her er songen:



Ha ein fin dag!!



Kaupanger, 19.februar 2015.


Rune

mandag 2. februar 2015

Om å reise i seg sjølv.

EG REISER I MEG SJØLV

Ei indre reise
i kupert landskap

Kartet
er stadig
i endring

Nye vegar
kjem til.

Gamle vegar
er gjengrodde.

Nokre av dei
ryddar eg

andre
let eg vere
som dei er.

Eg reiser
i meg sjølv

ei forunderleg reise
utan rutetider

men for tida
med opent

sinn.
----

Ja, dette diktet kan vel kanskje illustrere nokon av kjenslene mine, på reisa gjennom livet. Denne store, vidunderlege og til tider håplause tilstanden

Eg reiser nok mest i bøker. Land og strand. Over fjell, gjennom dalar. Treff mange ulike folk, og dei har alle noko å gje meg. Eg prisar meg lukkeleg, over alle bøkene eg møter på min veg.

Eg skriv mykje for tida.Det meste av den teksten eg produserer, vert ikkje publisert her, då eg har nokre andre planar :-). Nokre drypp vil nok kome her óg. Å skrive, er óg ei fantastisk reise. Her reiser eg både i meg sjølv,og i eventyrlanda. Fantasi og draum er viktig, og heilt naudsynt, for å kunne halde ut.

Ja, så er det sangen då. Ei reise i glede og fellskap med andre, mot eit mål om at dei to kora eg er med i, skal kunne gje folk noko. Eit påfyll i kvardagen. Ei oppleving av noko fint. Å reisa saman med andre, mot eit felles mål, er kanskje det aller finaste.

Denne sangen her, i Eva Cassedy sin versjon, vil eg gje dykk i dag. Den gjer noko med meg, noko vindunderleg, og så er den gjennomsyda av HÅP. Vi treng HÅP!!!



Eva Cassedy - Somewhere over the rainbow 

Personleg har det å gå i kyrkja, i det siste gitt meg utruleg mykje. Eg har funne meg sjølv, i glede, smil og tårer over eit bodskap av tru, håp og kjærleik. Dette var ei reise, som eg ikkje hadde planlagt. Difor, er det kanskje den mest fantastiske reisa ein er på óg. Eg må reise på min måte, og med mitt tempo. Eg kjenner ei ro, som eg har lengta etter, og som eg håpar eg kan behalde. På denne reisa har eg ein del flotte reisefeller, som "backer" meg opp. Det er som vi går hand i hand, sjølv om vi bur milevis frå kvarandre.

Ynskjer dykk alle lukke på reisa! Avsluttar med ein av mine Dylan-favorittar:


Bob Dylan - Blind Willie McTell


2.februar 2015.


Rune






tirsdag 20. januar 2015

ORD

Ja, som sikkert nokon har fått med seg, er eg svært oppteken av ord. I dag hadde eg tenkt å skrive om noko heilt anna, men vart brått råka av orda til ein forfattar eg nyleg har "møtt". Ja, det er Kjell Askildsen.

Denne boka her, som er illustrert av Håkon Bleken, er berre heilt vidunderleg (det er forresten eit fint ord):


Denne utgåva er frå 2007 (Bokklubben).


Dette var ei stor leseoppleving. To lange noveller. Boka vant i 2006 ei kåring av dei beste romanane og novellesamlingane skrive på norsk dei siste 25 åra. Det seier no ein heil del.

Det konstanterande språket og den registrerande og knappe stilen. Det får fram spennet mellom desillusjon og håp, gjer Askildsen til ein unik forfattar (omslagstekst). JA, det er eg heilt einig i. Det er berre å lese folkens!

Per Thomas Andersen, seier i etterordet i boka: "Askildsens stil er i slekt med den franske nyromanen, med Hemingway - og kanskje med sagafortellingen. Han er på sitt beste i de to novellene i Thomas F´s siste nedtegnelser til almenheten. Her fungerer stilen optimalt, og den vesle novellesamlingen er noe av det aller beste som ble skrevet i Norge på 1980- og 1990-tallet".

Dette inspirerte meg sjølvsagt til litt diktning. Her følgjer mine to siste "verk" :-)


Ein hyllest til Kjell Askildsen

Eg er forelska
forelska i orda
til ein nedlagt penn

Synd han ikkje lenger
ser seg i stand til
å formidle

men det han har gitt
vil stå
som ein bauta

i generasjonar.



Å reise i ord

skal ein ikkje
undervurdere

Då er det fantasien
som står til rors

Dei raude leppane
vert gjerne
endå raudare

Dei brune augene
endå brunare

Dei grøne bøane
endå grønare

Ja, og kjærleiken
endå meir

levande.


Skage i Namdalen, 20.januar 2015


Rune

torsdag 15. januar 2015

Litt om Astrid Lindgren, og litt om meg

Dagen i dag starta med at eg oppdaga at det var starta ein dokumentarserie i 3 deler, om Astrid Lindgren. Du kan sjå den her:

Astrid - En fortelling om Astrid Lindgrens liv 1:3



Astrid Lindgren er vel ein av verdas mest leste forfattarar. Kven har vel ikkje høyrt om Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget, Mesterdetektiv Karlsson, m.m.m.










Ofte har det vore snakka om at ho burde fått Nobels Litteraturpris. Det er eg for så vidt einig i. Men, kven av av dei såkalla litterære kanonene opp i gjennom, har vore elska slik som henne? Ho har vore, og er framleis elska av både barn og vaksne.  Dette er vel den største litteraturprisen ein kan få.

Sjølv må eg vedgå at eg har felt mang ei tåre, spesielt når eg har lese historiane om Emil i Lønneberget. Det er berre å håpe på at vi som foreldre og besteforeldre kan vidareføre historiane hennar.
Det å gi borna den gåva, at ein les for dei, er etter mi meining svært viktig. I tillegg må vi vere enno flinkare til å oppmode til lesing. Harde pakkar, som ein kan bla i, er mitt gåvetips!

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Når det gjeld eigen litterær produksjon, kan eg dele følgjande dikt, som kom til meg her ein dag. Diktet er inspirert av Johannes 8.7, boka "Maria Magdalena - disippelen Jesus elsket" og mine eigne erfaringar, både med meg sjølv og i møte med andre mennesker. Det er kanskje eit litt i krassaste laget, men det får heller gå.


VI KASTAR

Stein etter stein

Kor har vi gøymt
Johannes 8.7.?

Vi er blinde
vi er lamme
vi talar med
to tunger

Stein etter stein

Vi ser andre
segne om
i fortviling

Vi tenkjer:
"Der fekk dei
som fortent"

Stein etter stein

Fryktar vi ikkje
morgondagen?

Kven kan vel frykte,
med eit hjarte

av stein.



Skage i Namdalen, 15.januar 2015

Rune
.

mandag 12. januar 2015

Tove Jansson - Sommerboken




Sommerboken av Tove Jansson, er ein av dei bøkene eg blar i jamnleg. "Eg bruker den som eit oppslagsverk", seier Tove Nilsen, i forordet til ein av utgåvene. Eg er så einig så einig. Eg elskar denne boka.
Boka handlar om Sophia og farmora hennar, som brukar sommaren på ei vakker øy i den finske skjærgården. Dei samtalar mykje, og er innom mange av dei store eksistensielle spørsmåla i livet. Her kjem eit par smakebitar:

Farmoren mister gebisset i gresset og lille Sophia spør når hun skal dø. "Snart. Men det har du slett ikke noe med".

Det er rart med kjærligheten, sa Sophia. Jo mer man elsker en annen, desto mindre liker den andre deg. Det er ganske riktig, bemerket farmoren. Og hva gjør man da?
Man forsetter å elske, sa Sophia truende. Man elsker verre og verre. Farmoren sukket og sa ingen ting.




Les denne boka folkens! Den gjev oss sommar i sinnet no i snø og vindbygene. Det er ei bok om håp, ei bok om undring, ei bok om det å vere barn og ikkje minst ei bok om det å vere gamal.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Elles, er eg nettopp ferdig med "Mitt navn er Asher Lev" av Chaim Potok. Ei sterk bok om korleis det er å vekse opp med eit kunstnarsinn i eit miljø der det vert venta heilt andre ting av deg.


Avsluttar dagens innlegg, med sangen "Höstvisa, Tekst av Tove Jansson.


Cumulus - Höstvisa


Skage i Namdalen, 12.januar 2015


Rune




fredag 9. januar 2015

Rolf Jacobsen - Ein bauta i norsk diktning

Det er fredagskveld. Det har stort sett vore ei fin veke. Ryggen har slått seg litt vrang, men ikkje verre enn at eg fekk svømt 1000 meter i dag. Eg er i alle fall ikkje verre.
Det har vore litt negativitet i lufta dei siste to dagane, men heldigvis så har eg nokre folk som veit å sette meg litt på plass, og får meg på betre tankar. Takk! Du som fekk meg oppatt i dag, veit no kven eg meiner.
Eg har denne lidenskapen / sjukdomen / lysta / pasjonen, ja kall det kva du vil, til at eg må skriva. I dag fekk eg klar beskjed. Du skal skrive! Du skal skrive ei bok med forteljingar!  Du har opplevd så mykje, du må få det ned!
Eg veit det kjem til å rippe opp i nokre halvgrodde sår, men eg tek utfordringa. Ja, det kjem vel til å kome nokre smakebitar her óg etterkvart.


I kveld ringte eg til ekskona, slik som eg brukar med jamne mellomrom. Vi er då stort sett gode"bussar". 
Eg: - Du, kva heitte det dikt du las til meg i bryllaupet vårt?
Ho: - Piggtrådvinter
Eg: - Takk, eg tenkte å skrive litt om Rolf Jacobsen i litteraturbloggen min.

Ja, eg kan vel enno kjenne tårene som rann nedover kinna mine, då ho leste dette fantastiske diktet:



PIGGTRÅDVINTER

--Ho.
Da vi gifta oss da var det kaldt, da.
Minst femogtjue harde,
solvervsdag, nittenførr,
krig og kvegpest.
Veien til kjerka var stengt med piggtråd.
Husker vi klatret over skigarden til prestegarden.
- Hei, kjolen din henger fast.
- nei ikke der men der.
Vi tråtte plogfurer over en is-klaka
potetåker opp til presten i serk
som sto klar med skriften.
- Jag efter kjærligheten, sa´n. Ja, sa vi.
Med du verden hvor møkkete vi var på bena.
Da vi hadde lagt oss om kvelden
grein vi en skvett, begge to. Gud
vet hvorfor.
Og så begynte det lange livet.

-----

Oj, oj, oj, for eit dikt. Må visst tørke ei tåre enno ein gong. Dette diktet er frå ein av dei mest solgte diktsamlingane i Norge - Nattåpent, frå 1985. Om andre delen av denne samlinga,sa Finn Jor frå Aftenposten : "Blant de vakreste kjærlighetsdikt i hele den norske litteratur".








Det er mykje å seie om Rolf Jacobsen. Han var journalist og diktar. Han vert rekna som ein av våre største diktarar. Diktsamlinga Jord og jern, vert gjerne rekna som den første norske modernistiske diktsamlinga.
Klikk på namnet, og les meir, mellom anna om hans rolle under 2.verdenskrig.

Eit anna dikt eg vil dele med dykk, er:

LANDSKAP MED GRAVEMASKINER

De spiser av skogene mine.
Seks gravemaskiner kom og spiste av skogene mine.
Gud hjelpe mig for en skapning på dem. Hoder
uten øyne og øyne i baken.

De svinger med kjeftene på lange skaft
og har løvetann i munnvikene.

De eter og spytter ut, spytter ut og eter,
for de har ingen strupe mer, bare en diger
kjeft og en rumlende mave.
Er dette et slags helvete?

For vadefugler. For de altfor kloke
pelikaner?

De har øyner og lenker om føttene.
De skal arbeide i århundrer og tygge blåklokkene
om til assfalt. Dekke dem med skyer av fet ekshaust
og kald sol fra projektører.

Uten struper, uten stemmebånd og uten klage.

----
Frå diktsamlinga Hemmelig liv, som kom ut i 1954.




















Til slutt vil eg ynskje alle ein fin fredagskveld. Helsar spesielt til mine mentorar. De som held meg oppe både åndeleg og skrifteleg. Nyt sangen under!


Sigvart Dagsland - Det er makt i de foldede hender


Skage i Namdalen, 9.januar 2015

Rune

onsdag 7. januar 2015

Ibsen og friluftslivets år + ein eigen tekst.

2015 er Friluftslivets år. For meg er det friluftslivets år kvart år, men om ein kan få fleire til å trekke ut i skog, mark og fjell, så trur eg det er eit samfunnsøkonomisk gode.
Kvifor rota sjøvaste Henrik Ibsen inn i dette.





Jau, Ibsen er faktisk rekna for å vere den første til å nytte begrepet "Friluftsliv".
Det er første gangen brukt i diktet "På vidderne" frå 1859. Her kjem eit utdrag:




I den øde sæterstue
al min rige fangst jeg sanker;
der er krak og der er grue,
friluftsliv for mine tanker.

De finn heile diktet, med sine 68 vers her:

Henrik Ibsen - På vidderne


Sjølv har eg lese ein del i Hebreerbrevet i Det Nye Testamentet, og det har gitt seg utslag i dette diktet:

Kunne ein tru

lik Abraham
som var villig
til å ofre sin eigen son

lik Moses
som gikk gjennom
Rødehavet

Då var det nok
meir enn Jerikos murar

som ville falle.  (Inspirert av Hebreerbrevt 11)
-----

Elles tenkte eg å gi dykk denne i dag - noko eg jobbar med innimellom mykje  anna:


Mannen


Han ser ut, utover eit ukjent landskap. Han har vore her lenge, men aldri sett. Det som fekk han hit, er ikkje lenger. Han slit, også med det.
Han er redd. Redd for kva som kan skje, men og redd for kva som ikkje kan skje. Angsten er ein følgjesvein. Har alltid vore det. Han har liksom akseptert det. Han går i terapi, men utbytte er heller magert. Kanskje han berre vil at det skal vere slik?
Ingen kjenner han. Mange veit kven han er. Det er få som snakkar til han. Han innbyr absolutt ikkje til samtale. Kroppsspråket er tydeleg, og kan ikkje mistolkast.

Kvifor er han her? Har han ein plan med livet sitt? Er det noko håp? Kva tenkjer han sjølv om desse spørsmåla? Vi får høyre kva han seier.

Eg er her fordi eg vart råka. Råka av ei kjærleikspil. Forgifta på eit vis. Eg vart hugteken. Ville i starten ikkje tru det som skjedde. I tillegg vart eg råka av ei anna pil – sjalusien. Dei fekk meg til tider ut av balanse. Men det gjekk no på eit vis. Eller, gjorde det det? Det er frukta av kjærleiken, som held meg her. Eg vil gjerne sjå den mogne. Det er fint, men likevel tøft. Det er godt, men likevel vondt.
Eg freistar tenkje framover. Men fell tilbake i mitt eige indre rot. Eg legg planar, riv dei ned. Eg går i kvilelaus ring. Kjem ikkje av flekken. Prøver å overbevise meg sjølv om at det går bra, men det gjer jo ikkje det.
Dessutan har eg konstant tankebetennesle. Eg pratar alt for mykje, når eg først kjem inn på folk. Folk klarer ikkje det. Det vert for mykje. Eg forstår dei, men dei forstår ikkje meg.

Eg har heller ingen jobb. Drikk gjer óg, alt for mykje i periodar. Eg skammar meg, nesten heile tida. Det er alltid noko å skamme seg over. Noko eg ikkje maktar. Noko eg kunne gjort betre. Noko eg ikkje skulle gjort. Det tappar meg. Men eg er sjeldan tom. Eg er energisk. Eg held meg i form, både intellektuelt og fysisk. Eg likar å lesa. JA, eg les mykje. Spesielt romanar. Å symje held kroppen i form, i tillegg til alle turane i skog og mark.

Eg har ingen kjæreste. Eg har prøvd. Det går ikkje. Eg vert for intens.
Eg ser ikkje på meg sjølv som nokon tapar. Eg ser berre ein som slit. Til tider slit han veldig. Eg trur på betring, men veit noko må endrast. Eg må nok ta nokre store avgjerande val. Akkurat no ser eg ikkje kva dette er, men, noko må snart gjerast. Eller, må det det?

Og så, tenkjer eg mykje på døden. Natt og dag.


Kvinna

Ho sit i gyngestolen. Tårene trillar nedover dei bleike kinna. Guten leikar på golvet. Han er i si eiga verd. Legoverda. Når gret ho sist? Det er lenge sidan. Ho tørkar tårene. Tenkjer tilbake til noko som var. Han var her i går, innom for å hente noko. Ho kjenner ingen som er slik. Og, slik som han elskar guten. Det er fint, synes ho. Nesten kvar dag, ser ho frukta av kjærleiken deira.
Kvifor gjorde ho det? Han forsto det ikkje. Ikkje ho heller for såvidt. Det vart liksom så mykje. Så mykje Han.
Ho tenkjer på den nye partnaren. Ho undrar seg over at ho er saman med han. Ho er vel eigentleg ikkje det. Han er snill, men ikkje slik. Han kan ikkje elske. Ho har berre kjent ein som kan elske. Guten vil på bading. Ho sender ein melding til han : «Kunne du ...». Han er der etter 10 minutt. Dei dreg, med smil om munn, begge to. Det er rart tenkjer ho. Dei smiler sjeldan, når dei ikkje er saman.

Eg sat og venta på deg, den gongen. Hadde inga aning, kva som var i vente. Du traff meg. Eg vart satt ut. Visste det måtte bli oss. JA, det vart jo det. Du var intens. Eg klarte ikkje å ta i mot alt du gav. Eg såg heller ikkje angsten din. Eg var blind. Eg vart mor til ditt barn. Eg var gla. Trudde det skulle vare. Eg sto i mot stormane. Lenge. Men innsåg etterkvart, at det kunne ikkje gå.
Du forsto nok.. Vi glei frå kvarandre. Eg såg du hadde det vondt. Likevel sto eg ikkje imot den andre. Eg veit du hatar han. Den einaste du aldri kan tilgi. Meg har du tilgitt, eller har du det?
Eg vil alltid vere gla i deg. Det er ingen som forsto kvifor vi skilde lag.
Ikkje vi heller, trur eg.


Mannen

Han sit på Gardermoen. Har site her i fire timar no. Enno er det det fire timar til flyet til Stavanger skal gå. Stavanger av alle plassar. Det er vesle julafta, og han skal dit å feire jul. Feire saman med folk han ikkje kjenner. Det vert enno ei annarleis jul. Dei siste åra har vore slik. Innerst inne kjenner han ein ro, som er noko han sjeldan opplever. Livet har, og er vel framleis eit jag. Eit jag etter noko han ikkje heilt klarer å definere.
Folk i hopetal ruslar, går fort eller spring forbi. Han sit på Peppes, og ser. Det fine med å sjå, er at det heilt uforpliktande. Ja, i alle fall til nokon skulle finne det for godt å sjå tilbake då.
Kva tenkjer folk på tru? Kvifor tenkjer dei akkurat det? Og er tanken fri? Ein kan undrast på mangt her ein sit på norges største knutepunkt tett oppunder Jul.
Zappa surrar på øyra. Han tenkjer på Jesus. Jesus har vorte ein del av livet hans. Han har vore på leit lenge, og det å lese i nyetestamentet om Jesus, har gjeve han mykje. Før var han tvilande, eller heller totalt utan tru på dette som skjedde for vel 2000 år sidan. No er han meir undrande, eller kanskje skal han sei det som det er: Han trur! På kva? Vil sikkert nokon spørje. Dei om det. Ein må ha noko å samle seg om her i verda. Det er mange nok som samlar seg rundt ølglasa og alkoholen, spesielt no i desse juletider. Han har kutta det ut – i alle fall for ei tid. Heller møte Jesus i Bibelen, enn ein sviorebror på ei brun kneipe. Likevel, fordømer han ingen. Kvart menneske er sin eigen lukkes smed.

Han ser på alle andleta. Det er så mange smilande auger. Det er augene, som er. Alt det andre er berre der. 

------

Til slutt, vil eg dele Johnny Winter si tolkinga av Dylan sin "Highway 61 reviseted", som omhandlar mellom anna Gud og Abraham sin konversasjon angåande Isak:

Johhny Winter - Highway 61 reviseted


Då ynskjer eg alle ein fin kveld!


Skage i Namdalen, 7.januar 2015

Rune





tirsdag 6. januar 2015

Om gospelkor, skodespel og slikt.

Yes! Dette var morro. Eg har vore på min første øving med gospelkoret "Salt" i Ranem Kirke på Overhalla. Det var rimeleg kaotisk for meg, då dei skulle synge i gjennom sangar som dei skal opptre med dei neste vekene. Eg hang no slik nokonlunde med på ein del. Lenge sidan eg har vore med i kor, så det er litt jobb med å lese noter m.m. Likevel trur eg at dette vert bra. Testsang for dirigenten etterpå, og ho likte min versjon av Dylan sin "To make you feel my love" (Legg lenke til Dylan sin versjon under).

Her er ein av dei sangane vi sang, og som eg har høyrt koret synge før:

Christian Ingebrigtsen / Cecila Vännersten - Paint christmas white

Elles har eg lese to skodespel av Carl Frode Tiller dei to siste dagane.















I tillegg har eg lese skodespel "Skråninga", som i utgangspunktet var ein roman. Fantastisk lesing. Tiller er ein meistar i å beskrive menneskesinnet - det er berre å freiste!

Eg vert meir og meir glad i denne sjangeren, og går med eit par plott i magen sjølv også :-). Er litt usikker på terminen, men det kjem nok.

Inni mellom all lesinga og andre sysler, fekk eg til ein skikkeleg krangel med eks-kona óg. Lenge sidan sist. Det høyrer med til historia at vi alt har skværa opp. Begge var i grunn like lei seg (trur). Ja, slik går no dagan, som dei seier nordpå, eller kor det no er.

Litt diktning har det for såvidt vore óg. Eg slepp eit her:

LATE NIGHT POETRY (Vol II)

Naked words
playing with me

I feel this
great desire

it gives me
an idea
of another

poem.

Takkar av for i dag, med ein flott sang - Nyt!!


Bob Dylan - To make you feel my love


Skage i Namdalen, 6.januar 2015

Rune