onsdag 31. desember 2014

Tankar kring årsskifte

2014, er snart historie. Det har vore eit innhaldsrikt år. Ein del endringar, og eg vel å sjå på desse som positive, i alle fall på lengre sikt.
Sjølv om dette skal vere ein litteraturblogg, tillet eg meg likevel å skrive litt om korleis eg opplever livet elles óg.
Lesing har vore, og er, omtrent like viktig som å puste. Det gjev meg ro, visdom og innsikt i ting eg ikkje ville fått utan. I tillegg tek det meg ut på reiser, som eg elles ikkje kunne opplevd.
Eg har vore i Japan, Sverige, Brasil, Sør-Afrika og mange andre land gjennom bøkene eg har lese.

Då året starta var eg sjukmeld. frå ca 1.februar har eg fått mi innkome via AAP (Arbeidsavklaringspengar). Eg har vel hatt mine små kampar med NAV, men etter at eg tok av meg boksehanskane, har alt gått mykje betre. No jobbar eg 2 dagar i veka ved biblioteket - det er gjevande. Det å vere ute i arbeidslivet kjenner eg er eit nødvendig gode, så ein av målsettingane for komande år, er å kome seg i ordinær jobb att. Likevel har eg lova meg sjølv, at eg skal skunde meg sakte.

Forrige vinter gjekk i grunn fort. Eg var oppteken av å klargjere huset, som eg eigde ei lita stund, for salg. Når ein går ned over 10 000 i løn kvar mnd, nyttar det ikkje å eige hus. Alt rundt dette, gjekk i grunn greit. Då eg aldri har vore nokon materialist, vart dette ingen sorgprosess for meg - heldigvis.

Mi fysiske helse har vore god. Spesielt i starten på året var eg bevist på å halde meg i form. Mykje skigåing og svømming gjorde sitt til at fysikken var god. Då eg holdt meg unna alkohol dei tre første månadene, var mi psykiske helse ikkje så verst heller, sjølv om det var ein del vanskelege dagar.
Eg innser at dette med alkohol har kun negativ verknad på meg, så det har eg kutta ut att no (for ca 1 mnd sidan). Det påverkar både mi fysiske og psykiske helse.
Eg går til psykiater kvar torsdag, og det synes eg er til god hjelp. Ein treng nokon å kunne lufte alle dei vanskelege tankane med.

Eg lever åleine, og akkurat no, er det sikkert like greit. Brukar det overskotet eg har, til å vere saman med sønnen min (på snart 9) og har heldigvis eit svært godt forhold til han og hans mor. Dette set eg svært høgt, og det skal eg gjere mitt beste for at skal halde fram.Ellers har eg reist mykje inneverande år. Spesielt i sommar, med min "nye" bil. Turen til Nord-Norge var fantastisk. Her kjem nokre bilder frå heile året:
Skitur i Overhalla
Solvorn
Lofoten
Legg til bildetekst



Vassløysa - Hytta i Sogn




Solvorn
Bud, ved Molde
Ved Lom bibliotek
Stetind
Stavanger




Det vart ein del blinkskudd - Her er nokre.

Elles har eg treft ein del nye mennesker  i løpet av 2014. Nokre av desse har sett sine spor, og eg har nok knytt nokre bånd som eg håpar ikkje skal knytast opp att. Det å møte nye mennesker er flott -det gir ein ny dimensjon. I tillegg forandrar ein seg som person. Ein får nye input og lærer seg å tenkje annarleis - slik er det i alle fall for meg.
Dei som dette gjeld, og som les dette, treng ingen nærare forklaring.

Elles har det skjedd noko anna óg i slutten av dette året - livet mitt har fått ein åndeleg dimensjon. Eg finn mykje ro ved å oppsøkje kyrkja. Eg melde meg innatt i statskyrkja etter ein del år utanfor. Eg les mykje i Bibelen, og dette gjer meg berre godt.
Etter nyttår skal eg begynne å synge i "Salt" - eit Gospelkor. Gledar meg til det!

For det nye året vil eg berre seie:



Ynskjer dykk alle eit God nytt år, med denne:

Oslo Gospel Choir


Grong 31.12.2014


Rune







2 kommentarer: